Overtale foreldre til å få lett mc
Lagt inn: 05 aug 2020, 14:53
Hei!
Eg blir snart 15 år, og har veldig lyst til ta lett mc lappen, og eg klarar nesten ikkje å tenke på noko anna. Problemet er at foreldrene mine seier at det er eit "ikkje tema". Dei støttar alle barna sine økonomisk med billappen, fordi dei synest det er tryggare enn noko som helst på to hjul. Eg har skrytt av at eg har køyrt i 60 i 50 sona (bratt bakke i "byen"), og det vert ikkje betre av at eg har tryna ganske hardt på trøsykkel i tillegg. Dei kjenner meg så godt at dei veit at eg elskar alt som har motor og/eller fart, og dei trur ikkje det er nokon bra kombinasjon i trafikken.
Dei synest det er altfor farleg med to hjul og motor, og visar til ei ulykke som skjedde her for ei stund sidan: det var ein mann som køyrte sykkel (uten kjøreklede) ganske seint, velta og fekk skåre av halve rompeballen, går på nav og har problem med å jobbe. Det er ikkje betre at ein av tre brødre som kjørar sykkel har kræsja og kome såvidt heilskinna frå det. Alle brødrene til pappa (unntatt han), har lappen på sykkel i tillegg at alle motorar skal inspiserast og startast, så eg følar det ligg i slekta.
Når eg har snakka med pappa aleine og nevnt at det er fleire som køyrar bil og fotgjengarar som døyr i trafikken enn motorsykkel (brukar statistikken til min fordel, og nemnar ikkje prosentstatistikken) og har sagt at det er mykje nytt sikkerheitsutstyr som abs, og køyremodusar, for eksempel at regnmodusen gjer at antispinnsystemet slår fortare inn, så har han vore positiv, men eg har berre hinta litt og ikkje sagt rett ut at eg vil køyre lett mc. Men når eg snakkar åpent over bordet med begge foreldrene mine til stades, så er begge heilt imot og visar til ulykka lenger oppe.
Dei seier også at dei kan køyre meg kvar eg vil omtrent når eg vil, så det er ikkje eit argument eg kan bruke.
På førehand, tusen takk for svar.