Chevy1974 - Oslo-tur med verkstedbesøk

Din egen Forum-blogg! Om MC-livet ditt og annet du vil dele med andre.
Svar
Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Chevy1974 - Oslo-tur med verkstedbesøk

Legg inn av Chevy1974 »

Eg tenker det er på tide at eg opprettar ein liten blogg sjølv også. Har jo brukt min "kjøpsråd"-tråd ganske lenge, og folk er vel litt leie av at den er aktiv der heile tida :knegg

Det første innlegget i denne tråden handlar om valg av sykkel. Resten av bloggen blir oppdatert etterkvart som det er aktuelle ting å meddele. For å få med deg siste aktivitet; sjå siste side av bloggen min :-)

Eg tok altså lappen på MC i august i år (2012), og er no på jakt etter ein rimeleg sykkel for å komme gang med køyringa. Litt kjipt om den nyerverva kunnskapen blir rusten før eg får prøvd meg utan køyrelærar.

Fullt køyreutstyr vart innkjøpt i går, og i dag fekk eg endeleg anledning til å prøvekøyre brukte syklar som er til salgs :-)

Køyreutstyret som er innkjøpt er ein standard-pakke frå Hof-MC. Etter litt prøving i dag er eg veldig fornøgd med jakka. Buksa er kanskje litt tynn, for det vart kaldt på låra sjølv med dongeri-bukse under. Hanskar, hjelm og støvlar har eg ingen ting å utsette på :-) Det einaste er at hjelmen støyar litt ved sterk fartsvind, men eg trur dette er umulig å unngå på dyre hjelmar også.

I dag var det altså prøve-køyring som stod for tur. Eg var innom Drammen Båt & MC senter i Mjøndalen og fekk prøvd ein Honda VT750 1999-mod (dette er vel ein Shadow?) og ein Suzuki GSX600 2002-mod. Etter dette prøvde eg ein Suzuki Intruder VS700 1987-mod. Dei to frå butikken prøvde eg berre ei lita runde ut i normal trafikk, men nok til å kjenne litt på dei ulike måtane å køyre dei på. Det er dette som er hovedfokuset mitt framover, å finne ut kva type sykkel eg bør kjøpe meg.

Etter litt prøvesitting tidlegare rekna eg med at Shadow'en ville vere litt vanskeleg å styre, men det var den faktisk ikkje. Litt uvant i veldig lav fart, men det vart eg fort vant til. Mange har snakka om at den er venskeleg å legge ned i sving, men med ein litt kraftig styrekommando la den seg fint og kontrollert ned på ein veldig behageleg måte. Det som derimot ikkje var så kjekt var den korte vandringa på støtdemparane. Relativt små hull i vegen opplevdest som kraftige spark bak :lol
Ein annen ting som var dumt med denne var ein girpedal som var veldig nært fot-støtten slik at det var vanskeleg å få foten under for å gire opp. Her var det rett og slett for trangt.

Suzukien hadde ein heilt annen køyrestil. Denne var lettare å svinge i med i lav fart, og den la seg lettare ned i sving. Litt meir slik som BMW'en på køyreskulen, men med vesentlig bedre clutch/gass-følsomhet enn BMW'en som sannsynligvis er godt slitt pga mange ferske førarar :P :p Både Shadow'en og Suzukien var i grunnen veldig fine på clutchen, og gav fin respons på gasspådrag utan slark.

Desse syklane prøvde eg rett etter kvarandre, og eg fekk ikkje noko facsit-svar av dette. Likte i grunnen begge to ganske bra med kvar sine fordelar.

Til slutt prøvde eg altså ein Suzuki Intruder VS700. Denne er i sin tid importert frå USA og viser farta i Miles. Den er litt gammal, heilt frå 1987, men ser ut til å vere i bra stand. Oljeskift og service er tatt kvart år sjølv ved lite køyring. Denne fekk eg prøve på ein litt lenger tur, trur det var borti ein halvtime eg køyrde. Turen gjekk sørover langs Drammensfjorden på svingete vegar.
Det første eg la merke til var at sykkelen var lettare å håndtere enn Shadow'en. Den lystra fint i lav fart, og den la seg fint ned i stor fart. Veldig fin å køyre, og fin akselerasjon når eg drog på litt.
Det neste eg la merke til var ein rar ustabilitet i sving. Det virka som den vingla frå side til side når den kom ned eit visst antall grader til begge sider. Dette trur eg skuldast at bakdekket er veldig slitt. Det var nesten heilt "ubrukt" på kantane, men var totalt utan mønster på midten. Altså var den fine runde forma heilt vekke, og det såg nesten ut som eit slitt bildekk på ca halve bredda av dekket. Eg reknar med at sykkelen var litt treig med å legge seg fram til grensa mellom slitt og "ubrukt" vart nådd, og deretter vart den litt for villig i forhold til det eg hadde vent meg til. Eg håpar at eit nytt bakdekk vil kurere denne vinklinga, men eg setter stor pris på om kyndige erfarne førarar kan vurdere symptoma og analysen min av dette.
Utover det som er nemnt her hadde Intruderen den samme korte avstanden mellom fotstøtte og girpedal som Shadowen hadde. Kanskje ein smule bedre, men likevel trangt. Styret var også litt uvant der det gjekk som ein nesten rett strek ut til kvar side istaden for dei karakteristiske bakover-retta handtaka som er på denne typen syklar.

Alt i alt er eg godt fornøgd med Intruderen, og sit og lurar på om det kanskje kan vere greitt å berre slå til på den :-)
Sist redigert av Chevy1974 den 31 mai 2013, 18:45, redigert 8 ganger totalt.
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av Chevy1974 »

I dag kjøpte eg meg endeleg MC :-)

Det vart den Intruderen eg prøvde på lørdag.
Suzuki Intruder VS700 1987-mod
[album]3757[/album]

Hadde min første tur på egen MC på veg heim frå Hyggen. Ca ein time i fint ver :-)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

ArcticTiger
Innlegg: 3962
Registrert: 04 nov 2010, 00:10
Motorsykkelen din: x

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av ArcticTiger »

Du får ta deg en Intruder-tur opp til Intruder i Brummunddal, og ha et Intruder-treff for røde Intrudere, han er en trivelig Intruder-entusiast han Intruder :thumleft

Brukeravatar
Carpa
Innlegg: 4918
Registrert: 20 aug 2012, 11:49
Motorsykkelen din: Kawasaki ER-6f - 2007
Sted: Røyken

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av Carpa »

Regner med at det kommer mange fine bilder fra Telemarkstraktene nå da :thumleft
Blogg
På to hjul i svingene (oppd. 16. okt 2013)

Don't play stupid with me.... I'm better at it

[album]3848[/album] [album]4068[/album][album]4139[/album]

2015: 0 km på Kawasaki'n - satser på et knallår
2014: 810 km på Kawasaki'n begredelig sesongavslutning
2013: 6190 km på Kawasaki'n (med lisens f.o.m 24/5)
2013: 500 km på Kawasaki'n (før lisens t.o.m 23/5)

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av Chevy1974 »

Carpa skrev:Regner med at det kommer mange fine bilder fra Telemarkstraktene nå da :thumleft
Blir nok ein del turar til Telemark også ja, og kanskje til Brummundal så go'sykkelen får sjå på familiemedlemmer :D
Skal prøve å få tatt nokre bilder når eg er ute. Blir nok enkelte oppdateringar her inne av og til :-)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

joo
Innlegg: 1334
Registrert: 26 okt 2011, 19:25
Motorsykkelen din: '

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av joo »

Gratulerer :thumleft
Vi treffes sikkert på Telemarks-veiene.
Kaldt på låra? Hopp over dongeribuksa og få på god og tykk ull-stillongs istf.
Men do not quit playing because they grow old,
they grow old because they quit playing...

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av Chevy1974 »

Hmm, to stk som snakkar om Telemark her. Det er jo ikkje langt frå meg, men då er det nok ein del ekstra fine vegar der som eg må sjekke ut?
Fortell fortell :D
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

joo
Innlegg: 1334
Registrert: 26 okt 2011, 19:25
Motorsykkelen din: '

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av joo »

Chevy1974 skrev: men då er det nok ein del ekstra fine vegar der som eg må sjekke ut?
Fortell fortell :D
Det meste av Telemark, og Vestfold har en del fint i lett dagsturavstand for deg :thumleft

Denne korte ruta: http://goo.gl/maps/bWM31 bør du ta snarest før det blir vinter i høyden, bare som oppvarming. Anelsen "kjedelig" langs Tinnsjøen, men ellers både svinger og utsikt. Eller er du lommekjent og "lei" av disse vegene? 37 ble flott etter opprusting i vinter.

Du får se hvor langt du syntes det er greit for kroppen å rulle på en dag. Det er bare å utvide etter hvert, der er et hav av fine veger, bare unngå E-vegene. Unntaket er nok fra Haukelibygd og til Røldal. Og til Haukeklibygd kjører du 37 Jondalen - Gransherad, via Rjukan og videre på 37 til Krossen og så videre på 362 til Haukeli, så gjerne til Rauland, og da er du i et nytt eldorado.
Hmm, du skjønner tegninga?

Når du skal vestover f.eks så husk at man kan kjøre gamle veger rundt en masse av de kjedelige tunnelene. Din sykkel er kanskje ikke noe å dra på grusvegene med, spesielt ikke før du har fått en del kilometer bak deg.

Google Myllarvegen, den er kos.
Til Dalen går det fine veger til og fra, men der er en del "harde" svinger som du kanskje ikke liker med en Intruder...?

For min del så regner jeg turen hjemmefra til Kongsberg som straffeetappen før de gode vegene begynner. Du bor jo mye bedre til :thumleft
Men do not quit playing because they grow old,
they grow old because they quit playing...

joo
Innlegg: 1334
Registrert: 26 okt 2011, 19:25
Motorsykkelen din: '

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av joo »

Og PS: vegen på ruta er oppe i drøyt 1200 meter, så det er lurt å dobbeltsjekke værvarsel og sjekke temperaturene før du drar. Snart vinter, ikke få deg noen ubehagelige overraskelser de få ukene du får av denne sesongen. Der er mange nye somre å se fram til uansett :D

Og så tenkte jeg at man også kan advare mot noen veger i nærheten; har kjørt over Imingfjell noen ganger i sommer, og vegen fra Austbygdi og oppover Tessungdalen tror jeg du skal holde deg unna. Østsida av Tinnsjøen har mye fine svinger, men det er forholdsvis ujevn veg der også. Greit med GS, men tror du vil mislike den med Intruder.

Ellers er det bare å spørre, og ikke minst kose deg med såpass korte turer at du ikke mister lysten på å kjøre... hvis det går an å bli lei?

Du finner mye fint i bloggene, men det er vanskelig å lete der når man er ny her inne. Men sjekk gjerne "Bimma" sin. Hun skriver bra og tar mye fine bilder og har litt fra "nærområdet" ditt. Har selv såvidt meldt meg inn her, men er noen få "reportasjer" i min egen blogg hvis jeg får reklamere...? Kjører en del i telemark.
Men do not quit playing because they grow old,
they grow old because they quit playing...

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av Chevy1974 »

Sjå der ja, då forstår eg. Veldig gode tips som eg skal sjekke ut :-)

I dag hadde eg min første kosetur/langtur med sykkelen, og det var til og med før eg las dette :-)

Etter jobb var det å få seg litt middag, før eg starta opp sykkelen. Turen gjekk frå Kongsberg, opp Jondalen og til Bolkesjø (37). Ved Ormemyr fortsatte eg på 364 eit stykke og kunne nyte vakker natur i solnedgangen. Eg snudde ved nordenden av Ertstjørn for dei som er lokalkjent.
Tilbake ved Ormemyr tok eg til høgre mot Gransherad (37).
Ved Follseland tok eg 601 mot Notodden. Her var det ein veldig fin og svingete veg nedover dalen. I løpet av strekninga til Notodden vart det mørkt, så då fekk eg prøvd lysa også :P :p
(Lysa kunne gjerne ha vore bedre, men dei duger... )

Frå Notodden fulgte eg E134 tilbake til Kongsberg.

Turen var totalt på 114 km, og med ein del stopp for å ta bilder var eg på tur i ca 3 timar.
Eg fylte bensin (full tank) når eg starta, og fylte like mykje når eg var tilbake. 4,3 liter :D
Ein så fin tur for berre 60 kroner er det ingen ting å seie på.
Med ferietur på motorvegar i Danmark friskt i minnet med ein Chevy-van som brukte 2 liter per mil, så er dette gledelige tall :D

Eg skal prøve å få inn nokre bilder etterkvart, men postar denne bloggen no med rein tekst.
Ellers er det bare å spørre, og ikke minst kose deg med såpass korte turer at du ikke mister lysten på å kjøre... hvis det går an å bli lei?
Miste lysten nei? Her var det klokka og kvelden som stoppa meg. Eg kunne gjerne holdt på heile dagen :D
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
ojda
Innlegg: 5632
Registrert: 19 sep 2010, 02:06
Motorsykkelen din: TRIUMPH TIGER EXPLORER 1200.
Sted: Oslo

Re: Chevy1974s blog - Ny sykkel på plass :)

Legg inn av ojda »

Bytt ut pæra i hovedlyset ditt med en Osram Nightbreaker,
det gir betraktelig mer lysutbytte og er helt lovlig :thumleft
Koster ikke mange kronene heller.
Kjørt i 2014: 24323km. (v-68752) På`n igjen :-)
Kjørt i 2013:25179km. Kjørt til 21/9. Å dett var dett :-(
Kjørt i 2012:19250km D æ mer morro med ny sykkel ;-))
Kjørt i 2011:..9000km


Sendt fra min I-Pad. Nyladet med brunt skinnetui![/size]

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974s blog - Rundtur på 11 mil :)

Legg inn av Chevy1974 »

Har lagt inn bilder i galleriet mitt. Her er eit lite utdrag:

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde


EDIT:
No fann eg ut korleis eg skulle vise bilda i full størrelse her :-)
Sist redigert av Chevy1974 den 11 sep 2012, 23:57, redigert 1 gang totalt.
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
JRO
Innlegg: 642
Registrert: 31 mai 2011, 21:03
Motorsykkelen din: Ducati Multistrada GT 2013
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974s blog - Min første rundtur, 11 mil :)

Legg inn av JRO »

Hei Chevy1974, gratulerer med ny sykkel. Hyggelig at det kommer flere fra Kongsberg inn på dette forumet. Nå er vi ihvertfall 4 i forumet som bor i Kongsberg. Snart er vi så mange at vi kan ha et Kongsberg treff.
13 - , Ducati Multistrada 1200 Grantourismo 2013
07 - 13, Kawasaki KZ 1300 1981
87 - 88, Suzuki GS1000ES 1980
72 - 74, Honda CB100

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Sted: Kongsberg

Re: Chevy1974s blog - Min første rundtur, 11 mil :)

Legg inn av Chevy1974 »

kz1300 skrev:Hei Chevy1974, gratulerer med ny sykkel. Hyggelig at det kommer flere fra Kongsberg inn på dette forumet. Nå er vi ihvertfall 4 i forumet som bor i Kongsberg. Snart er vi så mange at vi kan ha et Kongsberg treff.
Takk :-)
Vi treng ikkje å vere så mange for å treffast då. Eg vil gjerne treffe andre MC-interesserte for å utveksle erfaringar og få nyttige tips. Om det så er berre for å møtast ein liten halvtime på ein parkeringsplass, så er eg gjerne med :)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

joo
Innlegg: 1334
Registrert: 26 okt 2011, 19:25
Motorsykkelen din: '

Re: Chevy1974s blog - Min første rundtur, 11 mil :)

Legg inn av joo »

Så bra, fin tur og fine bilder :thumleft Nå er du i gang skjønner jeg.
Men do not quit playing because they grow old,
they grow old because they quit playing...

Svar