Eg har no tatt bort det gamle instrumentet på min GS og skal byte det med noko mindre. Koblinga er ikkje noko problem for meg, men eg fikk litt hoveverk av koblinga til lampa som viser om blinklyset blinker.
På det gamle instrumentet er det ei lampe for kvar side, altså ei venstre og ei høgre. Det går ein ledning fra kvar sin blinklyskrets til kvar si respektive lampe.
På det nye instrumentet så er det EI lampe som varslar for begge sider.
Korleis løyser eg dette? Koblar eg begge blinklyslednigene til den eine lampa så går jo strømmen over i den andre kretsen og det blinkar i alle blinklysa mine samtidig.

Så eg lurte på om løysninga er å koble ein diode på kvar av ledningane til varsellampa, da vil jo strømmen berre gå TIL varselampa og ikkje tilbake igjen i den andre blinklyskretsen. Eller?
Hvis ja, korleis diode treng eg? Korleis kan eg finne ut av det, det er jo ein milliard forskjellige typar på ebay f.eks.....
Prøvde meg på eit skjema, original kobling til venstre(noko forenkla) og slik eg TRUR det må være til høgre.