I mitt forsøk på å minske plagane med hovudristandes turbulens grunna låvedøra av ein vindskjerm eg har på intruderen har eg no etter mykje "garasjeforskning" funne eit kompromiss som fungerer. Det er fortsatt støy men ikkje noko skalleristing.
Hadde ein teori om at det kunne fungere om ein gjorde det heile meir aerodynamisk og fikk lagt skjermen lenger bak.
Så da vart øvre braketten modifisert med to ekstra hol for å kunne dra skjermen lenger bak.
mykje bedre:
Så da var eit problem løyst, men fortsatt kjem det mykje vind opp langs føttene og under tanken som treff overkroppen og går rett opp der den kræssjer med vinden som går over vindskjermen, mao turbulens og støy. Så neste på lista er å avlede vinden går under vindskjermen med eit sett vinddeflektorer montert på gaffelen.
Eg har eit stor lexanplate eg skal skjære dei ut i og så blir dei festa til gaffelen med røyrklemmer eller slangeklemmer, low tech og low budget men eg gidder ikkje blåse bort peng på å bestille noko fra statane som "kanskje" fungerer. Då kan eg heller prøve det ut sjølv og så heller bestille noko meir fancy etterkvart.
Uansett her er pappmalen eg tegna av og skar ut(tegna av etter ein roadking så dei vart ganske store på intrudern, bigger is better?)
Og så heilt til slutt, sidan det heng ein slek på veggen i klubbhuset måtte eg berre prøve:
Electra glide batwing
Dette er vel egentlig det eg har mest trua på sidan "batwingen" er mykje meir aerodynamisk enn "låvedøra", vinden blir avleda RUNDT kroppen og vindskjermen kjem nærmare kroppen, så eg vurderer å ta ein tur innom harley-høggeren i sør trøndelag i ferien sidan eg såg han solgte slike for eit par lapper :)