
MC-karriera mi starta med at pappen foreslo å ta Lett-MC lappen i staden for moped lappen, og vipps så var ein hekta. Eg hadde egentlig ikkje hatt so mykje interesse for tohjulingar før det (fekk tilbod om å sitte på med ein ven av familien då eg var liten men torde ikkje) men då "alle" dei andre gutane i klassa skulle ta moped lappen måtte sjølvsagt eg og hive meg på. Etter ein dårleg start på opplæring med ein veldig useriøs trafikkskule og mange utsettelser fekk eg endeleg sleppe til hjå ein veldig hyggeleg lærar på Voss (kor eg og tok klasse B, A2, og A) stod eg til slutt der ein nydelig Juli dag for nesten seks år sidan med mellombels køyreløyve i handa og ein flott, blå Yamaha mellom beina. Det vart etterkvart mange mil, ikkje minst etter den også vart med til storbyen Bergen medan eg gjekk på vidaregåande, med påfølgande vekespendling på E16 eller Fv7 når været og tida tillet det.
Då ein til slutt også fekk lov å køyre ting med fire hjul dabba MC-interessen litt av, som den ofte gjør. Lett-MCen ble beholdt, men vart no berre brukt på fine sommarsdagar i ny og ne. Planen var allikavel klar: Eg skulle tilbake til større tohjulingar seinare. Men så kom jo livet som det ofte gjer litt i vegen for planane, med litt ufrivillig opphold i utdanninga og den altfor tidlige døden til min kjære far. Pausen fekk derimot ein brå slutt då ein kompis plutselig foreslo at me skulle ta motorsykkellappen medan me sat og drakk øl i leiligheita mi. Eg var so sjølvsagt ikkje vanskeleg å be, og nokre dagar seinare var eg påmeld overgangskurs A1-A2, og i Juni 2017 kunne eg hive beinet over salen og køyre for å hente ut eit nytt mellombels køyreløyve, denne gong påskrevet med A2.
Sidan den gong har det nok skjedd for mykje til å ta med her, men i store trekk har eg no flytta til storbyen og blitt student, men syklane har fått bli med. No er neste store høgdepunkt å få henta ut klasse A i Juni, for deretter å kunne kjøpe seg endå større sykkel. Ja, om ein skulle klare å bestemme seg for kva den sykkelen skal være for noko då...