Takk for tilbakemeldingane og skal nok få det til i nærmaste framtid.
Sliter litt med at når eg skal svinge skarpt i krypkøyring, så treffer eg maks sving og faller over. Klarer fint å ta meg inn igjen når eg ikkje køyre i løypa, men då slår det inn at eg skal halde meg i løypa og eg trekker ned på gassen igjen og foten må ned.
Men det blir betre og betre.
Og det er ingenting som tilseier at å køyre vakkert og å køyre effektivt ikkje kan skje samtidigt

Snarare tvert imot
Kan legge til at eg nettopp blei oppringt av IF og blei spurt litt om forsikring osv.
Det heile endte opp med at eg bytta frå Storebrand til IF.
Totalprisen i året blei høgare, men fekk ihvertfall satt opp både person og innbo forsikring i tillegg til bil. Så er fornøgd eg.
I tillegg til å gå opp til 50% i bonus som kan komme godt med når det blir kjøp av mc.
Og sidan tankane kom inn på forsikring, så tenkte eg at eg skulle sjekke ut forsikring på mc og. Der må eg sei at eg fekk ein liten oppvekker.
Har eigentleg kun sjekka opp tilbud ifrå Storebrand, sidan der var den einaste plassen eg kunne sjekke på nett utan å måtte ringe til selskapet.
Og der fekk eg ein pris på 21 300 kr i året for ein 2003 Yamaha R6 med delkasko.
Når eg snakka med IF no, så fekk eg ein pris på ca 14 000 kr med delkasko på samme sykkelen. Så var imponert over det.
Sidan eg liker å vere litt grundig så gjekk eg på nett for å sjekke pris hjå Gjensidige. Var litt negativt at ein må opparbeide bonus i selskapet, og ikkje kan overføre bonus frå for eks. bil, slik ein kan i andre selskap. Men blei likavel positivt overraska.
Fekk ein total pris i underkant av 12 000 kr i året for ein Yamaha R6. Grunnen til dette er fordi Gjensidige er den einaste av dei 3 som setter aldersgrensa ved 23 år istaden for den meir vanlege 24 år.
Så når det blir kjøp av motorsykkel, så blir det ein heilt grei pris på forsikring. Spesielt med tanke på at eg var innstilt på å måtte betale godt over 20 000 kr i året.