Denne tråden er alt for lang til at eg gidder å lese heile (og den starta jo med eit anna tema

)
Som fersking skal eg vere forsiktig med å uttale meg bastant, men dette var eitt av dei viktige temaene på køyreskulen. I dag kallar dei det ikkje for kontrastyring, men styrekommando.
Kontrastyring gir veldig lett assosiasjonar til å rette opp ein bakhjulsskrens med bil (eventuelt også på MC) der du må styre motsatt retning for å rette opp eit kjøretøy som er i ferd med å snurre rundt.
Ein styrekommando blir brukt heilt i starten av svingen for å legge sykkelen hurtig ned. På banekurset var det veldgi mykje snakk om forskjellane på aktiv bruk av styrekommando og "banansvinger" som resultatet blir når du ikkje gjer dette aktivt.
Svingen kan gjerne utførast ved å lene seg til sida, og sykkelen vil følge etter, men ved unnamanøver er det viktig å ha øvd inn gode rutiner for styrekommando. Eg var veldig overraska over resultatet når eg testa dette ut i praksis. Styrekommando var ekstremt effektivt i forhold til å lene seg med kroppen.
No har eg testa både sprotstourer og cruiser, og med aktiv styrekommando er cruiseren herlig å køyre svingar med. Den krever berre ein del meir trykk på innerste styrearm for å legge seg ned. Eg trur også det er riktig som enkelte har sagt før her at du må fortsette å presse litt gjennom heile svingen.
Ved akselerasjon vil sykkelen rette seg opp sjølv, eg det går også an å gi ein motsatt styrekommando (krappare sving) for å rette opp. (Dette er i så fall ein handling som eg føler naturleg å kalle kontrastyring fordi det er motsatt retning av det eg hadde i utgangspunktet

)
Eg håpar dette gav meining sjølv om eg er fersk og ikkje veit like mykje som eliten / veteranane her :-)