@Ingar: Tenker det blir slik for meg også. No er det viktig å få tak i ein sykkel så eg kan få brukt lappen litt, så får godsakene komme etterkvart :)
@jolan: Takk :) Er litt enig i det du seier om lær til chopper. Er ikkje fastlåst på det, men ser at det passar godt saman.
@Carpa: Skal seie ifrå ja. Mulig det blir kikking allerede på laurdag, men er redd for at det blir litt overtidsjobbing, så eg må sjå kva eg får til. Kan sende deg ein PM dersom eg har mulighet til å planlegge litt bedre :)
Når det gjeld type sykkel, så blir eg meir og meir overbevist om at det må bli ein "halv-chopper" eller "cruiser". Har spurt eit par kollegaer også, og ein av dei ristar oppgitt på hodet og seier at eg bør ha ein høg "rett-opp-og-ned-sykkel". Men eg klarar ikkje heilt å sjå meg sjølv på ein slik sykkel, og når eg ser "den riktige typen" parkert rundt omkring er eg umiddelbart borte og kikkar.

Trur rett og slett eg berre må følge drømmen og gå for det som eg synest er finast å sjå på.
Av dei eg har vurdert så langt har vi følgande:

Yamaha Virago

Yamaha Royal Star

Suzuki Intruder

Kawasaki Vulcan

Honda Shadow
Det er sjølvsagt mange fleire, og det er mange variantar av dei syklane eg har tatt med (størrelse, spesialmodellar, osv). Sidan det er Yamaha eg først "oppdaga" er det dei eg har studert mest, men det er ikkje dermed sagt at det blir dette merket. Dei har ein del andre variantar av Star-serien som eg også likar, men desse er stort sett for dyre for meg i denne omgang.
Eg er veldig svak for den klassiske stilen, typisk Honda Shadow ACE, Yamaha Royal Star, osv. Typisk for desse er den store skjermen over framhjulet, gjerne også stor og delvis dekkande skjerm rundt bakhjulet. Kan ikkje forklare kvifor akkurat dette tiltalar meg, men eg synest desse syklane er heilt nydelege :)
Ein rimeleg Virago manglar sjølvsagt desse detaljane, men eg vil tru at køyrestilen blir i samme gate uansett. Virago startar på ca 20k på Finn, og då har eg mulighet til å komme i gang allerede i haust :)
Eg har bestemt meg for å prøve ut mange ulike sykkeltypar uansett kva eg måtte ha lyst på :)
For ordens skuld: Alle bilder er henta frå Wikipedia.