
Kjapp introduksjon først kanskje:
Eg er 73-modell, bur i Ørsta på Sunnmøre i lag med sambuar & ein liten gut av 08-årgang. Fleire grå hår kan tilskrivast han, men her skal det ikkje fargast noko, sjølv om det er aldri so populært for tida. Eg har fortent alle saman! :-) Har hatt både vanleg, og ikkje fullt so vanleg jobb, men sit no på kontor etter å ha havna på/gjennomført Høgskule i fremskreden alder.
Har vore interessert i i MC so lenge eg kan huske, men pga. av kapitalkrevande interesse for musikk & gitarar, fikk eg ikkje siste bokstav på sertifikatet før hausten 2007. Lånte faderen sin gamle Suzuki Katana ei stund, men kjøpte min første sykkel i fjor. Visste lite om kva eg likte, men havna pga. budsjett & utsjånad på ein 98-modell Kawasaki ZZR600. Den hadde vore utsett for stilleståande velt av tidlegare eigar, med dertil medfølgande "katteklor" på kåpe, so då slapp eg å bekymre meg over slikt

Ved eit "uhell" kom eg til å prøve ein Harley Davidson Heritage Softail på ferie i Nederland i fjor, etter at eg kjøpte min sykkel selfølgelig. Ikkje at eg har råd til slikt, men lærte at eg er meir bedagelig anlagt enn kjørestillinga på ZZR'n tilseier. Prøvesatt Snikkeren sin TDM for nokre dagar sidan (ein meget triveleg kveld/kjøretur), og har i ettertid kun surfa etter slikt på Finn. Ser ikkje vekk i frå at det skjer eit skifte, men kontoen meiner at det får vente ei stund til :-)
Det får halde som første innlegg. Kva, eller kor mykje meir som kjem her gjenstår å sjå, men eitkvart blir det sikkert :-)