Hehe, takk, godt å sjå at andre også er treige

Føler meg ganske så teit av og til med alle desse spørsmåla mine. Lurar jo på det meste som dei fleste tar for gitt
Den bittelille prøveturen med Shadow var tilstrekkelig til at eg er litt meir nyansert i kva eg ser etter, men problemet er at eg likar denne typen syklar så utruleg godt at eg kanskje berre må finne meg i litt dårlegare egenskapar
Vi får sjå kva eg bestemmer meg for
Her er forresten eit ganske billeg alternativ:
Annonse på Finn (Suzuki VS 700 Intruder 1986)
Denne kostar berre 15.000, men har ein del manglar. Kor mykje utlegg må til for å få denne i bra stand?
Eventuelt; går det an å ha denne som ein brukssykkel ei tid utan å måtte legge ut noko særleg?
Nytt framdekk er greitt, det må eg ha. Det er jo nesten ikkje fnugg av mønster igjen der. Er det stor forskjell i pris på dekk frå sykkeltype til sykkeltype? Eg har prøvd å finne litt prisar, men alle plassane eg har søkt må eg vite dimensjonane, og det har eg jo ikkje peiling på. Eg veit berre kva sykkel det er
Er det ca 1000 til 2000 per dekk?
Det står at den fusker litt på lavt turtall. Er dette lett å fikse? Ein generell motorservice på seriøst verksted burde vel kunne luke ut slike ting? Mulig eg kan fikse det sjølv også, men har for mange prosjekt til at eg tør å sette i gang med så mykje meir
Eg har ein mistanke om at responsen på dette innlegget fort avslører at ein slik sykkel kan koste meg det dobbelte av innkjøpspris
Og så har vi denne då:
Annonse på Finn (Honda Shadow, VT600C VLX 1989)
Denne står til 24.000. Har stått lagra fleire år utan bruk, men ser ut til å ha blitt sjekka grundg utan vesentlige feil (i motsetning til den andre). Denne har blitt tipsa om tidlegare i tråden også, men eg er litt skeptisk til at den har stått så lenge. Er dette noko eg ikkje treng å bekymre meg for, eller tenker eg riktig? Den er nok eit bedre kjøp enn den billige uansett, men fint med vurderingar frå dei som har peiling her :)
Litt kjipt at speedometeret er i miles, men det klarar eg å leve med
EDIT:
La inn navn og type på syklane for lettare referanse.