
Det første innlegget i denne tråden handlar om valg av sykkel. Resten av bloggen blir oppdatert etterkvart som det er aktuelle ting å meddele. For å få med deg siste aktivitet; sjå siste side av bloggen min :-)
Eg tok altså lappen på MC i august i år (2012), og er no på jakt etter ein rimeleg sykkel for å komme gang med køyringa. Litt kjipt om den nyerverva kunnskapen blir rusten før eg får prøvd meg utan køyrelærar.
Fullt køyreutstyr vart innkjøpt i går, og i dag fekk eg endeleg anledning til å prøvekøyre brukte syklar som er til salgs :-)
Køyreutstyret som er innkjøpt er ein standard-pakke frå Hof-MC. Etter litt prøving i dag er eg veldig fornøgd med jakka. Buksa er kanskje litt tynn, for det vart kaldt på låra sjølv med dongeri-bukse under. Hanskar, hjelm og støvlar har eg ingen ting å utsette på :-) Det einaste er at hjelmen støyar litt ved sterk fartsvind, men eg trur dette er umulig å unngå på dyre hjelmar også.
I dag var det altså prøve-køyring som stod for tur. Eg var innom Drammen Båt & MC senter i Mjøndalen og fekk prøvd ein Honda VT750 1999-mod (dette er vel ein Shadow?) og ein Suzuki GSX600 2002-mod. Etter dette prøvde eg ein Suzuki Intruder VS700 1987-mod. Dei to frå butikken prøvde eg berre ei lita runde ut i normal trafikk, men nok til å kjenne litt på dei ulike måtane å køyre dei på. Det er dette som er hovedfokuset mitt framover, å finne ut kva type sykkel eg bør kjøpe meg.
Etter litt prøvesitting tidlegare rekna eg med at Shadow'en ville vere litt vanskeleg å styre, men det var den faktisk ikkje. Litt uvant i veldig lav fart, men det vart eg fort vant til. Mange har snakka om at den er venskeleg å legge ned i sving, men med ein litt kraftig styrekommando la den seg fint og kontrollert ned på ein veldig behageleg måte. Det som derimot ikkje var så kjekt var den korte vandringa på støtdemparane. Relativt små hull i vegen opplevdest som kraftige spark bak

Ein annen ting som var dumt med denne var ein girpedal som var veldig nært fot-støtten slik at det var vanskeleg å få foten under for å gire opp. Her var det rett og slett for trangt.
Suzukien hadde ein heilt annen køyrestil. Denne var lettare å svinge i med i lav fart, og den la seg lettare ned i sving. Litt meir slik som BMW'en på køyreskulen, men med vesentlig bedre clutch/gass-følsomhet enn BMW'en som sannsynligvis er godt slitt pga mange ferske førarar


Desse syklane prøvde eg rett etter kvarandre, og eg fekk ikkje noko facsit-svar av dette. Likte i grunnen begge to ganske bra med kvar sine fordelar.
Til slutt prøvde eg altså ein Suzuki Intruder VS700. Denne er i sin tid importert frå USA og viser farta i Miles. Den er litt gammal, heilt frå 1987, men ser ut til å vere i bra stand. Oljeskift og service er tatt kvart år sjølv ved lite køyring. Denne fekk eg prøve på ein litt lenger tur, trur det var borti ein halvtime eg køyrde. Turen gjekk sørover langs Drammensfjorden på svingete vegar.
Det første eg la merke til var at sykkelen var lettare å håndtere enn Shadow'en. Den lystra fint i lav fart, og den la seg fint ned i stor fart. Veldig fin å køyre, og fin akselerasjon når eg drog på litt.
Det neste eg la merke til var ein rar ustabilitet i sving. Det virka som den vingla frå side til side når den kom ned eit visst antall grader til begge sider. Dette trur eg skuldast at bakdekket er veldig slitt. Det var nesten heilt "ubrukt" på kantane, men var totalt utan mønster på midten. Altså var den fine runde forma heilt vekke, og det såg nesten ut som eit slitt bildekk på ca halve bredda av dekket. Eg reknar med at sykkelen var litt treig med å legge seg fram til grensa mellom slitt og "ubrukt" vart nådd, og deretter vart den litt for villig i forhold til det eg hadde vent meg til. Eg håpar at eit nytt bakdekk vil kurere denne vinklinga, men eg setter stor pris på om kyndige erfarne førarar kan vurdere symptoma og analysen min av dette.
Utover det som er nemnt her hadde Intruderen den samme korte avstanden mellom fotstøtte og girpedal som Shadowen hadde. Kanskje ein smule bedre, men likevel trangt. Styret var også litt uvant der det gjekk som ein nesten rett strek ut til kvar side istaden for dei karakteristiske bakover-retta handtaka som er på denne typen syklar.
Alt i alt er eg godt fornøgd med Intruderen, og sit og lurar på om det kanskje kan vere greitt å berre slå til på den :-)