Hahaha, der klarte eg ikkje å unngå å le her eg satt heilt åleine med PCen

Stakars små, eg synes jo synd i dei, men det var ustyrteleg morsomt

(såg ut til at alle hadde det bra etterpå

)
Carpa skrev:som tidligere nevnt så vil jeg heller lære av andres feil enn å gjøre dem selv
Forstår godt kva du meiner, men det er ikkje alltid like lett

Såg du på bloggen min om mine erfaringar med svingkøyring og korleis blikket flytta seg ned mot vegen?
Eg veit veldig godt korleis det skal gjerast, men det må erfarast. Eg veit eg har langt igjen enno, men eg har oppdaga at teorien ikkje alltid er nok.
Den vinden eg fekk sidelengs på laurdag var nok ikkje så veldig kraftig, i alle fall ikkje samanlikna med det som blir fortalt om av andre her, men det var nok til at eg la merke til korleis sykkelen oppførte seg i vind. Også her vil eg tru at mange hundre mil på trøsykkel i all slags ver gir litt erfaring.
Sidan du lurar på akkurat dette og korleis du skal takle vind når den tid kjem, så vil eg råde deg til å unngå køyring dersom det er meldt kraftig vind, men prøv å oppsøke litt vind for å få erfaring med det. Sykkelen er tung nok til at du unngår den "sykkelblafringa" (

) som vart vist i ein tidlegare video i tråden. Synest du det er for ille, så køyrer du sakte og parkerer heime til vinden har roa seg :-)
Prøv deg fram, eg tenker du vil takle vinden heilt fint når du blir vant til den (og dropp MC-turar i storm... )