Tek opp igjen denne tråden her sidan overskrifta passa situasjonen min ganske bra no. Eg tilbragte størstedelen av forrige vinter med mykje pms, værre vart det av at me ikkje hadde snø anna enn nokon daga i desember og litt i februar.
Så om vinteren i år blir den samme så tenkjer eg at da får en nå berre kjøyre så lenge så mulig. Men eg er ikkje så sugen på å ta SV'n ut på møkkete regnfulle høstdagar, begynner å bli slitt framhjulet og.
I tillegg savner eg muligheten v-stromen ga meg til å kjøyre ein tur på grusvegar og slikt sommarstid. Så eg vil ha ein sykkel til
-jobbpendling(nokre fåe kilometer berre)
-gruskjøyring
-må være relativt lett, helst under 200 kg
-må tåle litt misshandling
-kåpe er jo eit pluss for å ta av for kaldt høstregn!
Asfalteigenskapar er heilt uinteresant da eg har både sv og gs til å ta seg av den delen... Derfor ønsker eg noko meir grusorientert...
Aktuelle kandidatar eg har sett på er
Honda dominator, transalp og africa twin(ja eg veit den er stor og tung men den er barsk, ein liten guilty pleasure

)
Yamaha XT 600 og xt660r, muligens 750 super ten?
Suzuki DR650
BMW GS650
og tilslutt sykkelen eg har fått litt følelser for; KTM 640LC4 adventure utgave.... Har funne eit par bra eksemplar i sverige.... Skal tilfeldigvis til strømstad i helga
Så kva trur dykk? Japsane er jo trygge og fine kandidatar med "skuddsikre" motorar og bra rykte, men fungerer dei bra på grusen???
Eg føler at KTM'n har overtaket når det kjem til gruskjøyring, men eg er kanskje ikkje "mann" nok til å utnytte det og hadde igrunn klart meg like godt med ein yamaha eller honda kanskje??
Helsing ein som ikkje er heilt klar for å gi opp sesongen enda!!
