No, siste gongen eg skulle starte den, skulle den inn i garasjen frå lageret, fekk eg ikkje start på den overhodet. Eg sette i nøkkelen, den "virra" som vanleg (er det bensinpumpa som går?), og då eg skulle trykke inn knappen, skjedde det INGENTING. Alt av ljos, alt fungerte normalt elles, men den ville rett og slett ikkje tenne.
Eg trilla den ned i garasjen, men den ville ikkje starte på trill heller. Eg veit at varianten nyare enn min har eit problem med at innmaten i startknappen "smeltar", så eg hadde demontert knappen, men der ser alt fint ut. Alle sikringane er funksjonelle.
Kva gjer eg no? No har eg demontert høgre hendel, sjekka at ting er ok der, har teke av kåpa, løfta tanken, men kva gjer eg no? Er det nokon som har råd til meg her?
Eg gjekk allmennfag på VGS, og har hatt interesse i bilar sidan vidaregåande. Alt eg har lært, har eg lært sjølv, eller gjennom venner, og eg kan delvis å skru, skifte fangarar, panel, montere anlegg, skifte eksos, skifte girkasser, slike ting, men motormessig er eg svak. Please help...?
