
Så er det nokon som har kjøyrt til england nokon gang? Anbefalinger?
Tenker i allefall å kjøyre til Larvik og ta ferje over til Danmark, så er spørsmålet om ein skal ta ferje fra Esbjerg til England eller kjøyre Danmark-Tyskland-Nederland-Belgia og Frankrike for å ta båt eller tog over kanalen.... Sistvalgte alternativ innebærer rundt 250 mil kjøyring ein veg.
Fryktar mykje av tida vil gå vekk til kjøyring dersom ein gjer dette, me har begge sambuar og eg har ein unge i tillegg så det er vel under nåde at ein får ta ein slik tur

Kva er greie dagsetapper nedover desse landa for to stykk utan noko "Iron Butt" erfaring? Med 50 mil om dagen så brukar ein jo 5 dagar berre på kjøyring.

Med første alternativ så kan ein kanskje klare å komme seg på båten til England på ein dag og dermed være i England på dag to litt sånn avhengig av korleis ferjene korresponderer, det går jo tre timar å kjøyre fra Hirtshals til Esbjerg og.
(alle data henta fra Google Maps)