Kanskje mest på impuls sidan sykkelen eg egentlig var på jakt etter (Hayabusa) viste seg å væra døden når det kom til forsikring

Andre aktuelle kandidatar på den tiden var Suzuki SV1000S, GSX1400 og Yamaha FJR1300. Men så vart det intruderen sidan den var billig og sto rett i nærleiken.
Og eg har vore nøgd med den, strøken sykkel, fin lyd, godfølelse når ein kjøyrer....
Men så solgte eg min Datsun 280Z for eit par veker sidan og med pengar på bok kjenner eg det begynner å klø igjen....
Er det ein mani eller? Er det fleire som føler ein trang til å hamstre sykklar fordi det er kjekt å ha? Eller fordi du vil ha ein til kvart bruk. Eller har eg berre ikkje funne den rette?
Eg skal innrømme at intruderen er plaga med slitsomt mykje turbulens bak vindskjermen(seriøs garasjeforskning pågår for tida for å prøve å kvitte seg med den) og rompa/halebeinet blir sårt etter ein halvtime i salen... (Dette har fleire klaga over på utanlandske fora og løysingen er som regel ny sal, så ny mustang sal er på veg over dammen...)
Så det dreg jo ned litt på kjøyreopplevelsen da

Omtrent samtidig som eg handla så handla ein god venn av meg også sykkel (yamaha fz8s) sånn omtrent på impuls, han skulle egentlig ha cruiser han og.
Men sidan intruderen er ganske sportlig av seg med oppned gaffel og større nedleggsvinkel enn cruisers ellers held me greit følge med kvarandre, og i helga bytta me sykkel og det hjalp jo ikkje mindre på lysta til å kjøpe seg noko sportsligere. Spesielt behagelig var det at det ikkje fantes antydning til turbulens i det heile tatt, heilt lydlaust og ingen slitsomt risting av skallen bak kåpa som på intruderen...
Det at den stoppa på ein tiøring, gikk som et H...

Vart ein lang post dette og ikkje veit eg heilt kor eg vil med den heller, men måtte berre få lufte vetet litt.
