45316 skrev:Så du spurte om skyting tidligere i tråden. Jeg har drevet med det, men siste åra har det blitt veldig lite grunnet dårlig med fritid. (2 barn). DFS og praktisk/dynamisk. Har blant annet en SP01 jeg må få luftet i løpet av våren.
Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
Definetivt ikkje feil! Skyt innan NSF, NJFF og DSSN sjølv, så det er godt! Fekk nett eit kadett-sett til min eigen Shadow no, og det gjer seg! :)
Såg no at det var lengje sidan eg hadde skrive her. Sidan eg skreiv ein post i ein annan tråd, får eg vel ta oppatt tråden her også gitt. :-) Og ja, ingen problem at det blir litt trådkupping, berre fint at også min tråd kan brukast til noko. :-D
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ganffa.jpg[/img]
Vel, arbeidde jo med ein sikkerheitskontroll-app for motorsykkel i haust, og i begynnelsen av vinteren. Det førte til litt filming, og vi brukte i hovudsak tre syklar; ein kompis sin Mt07, kjærasten sin ER6N, og min Z800. Og då er det jo naturleg å ta bileter av syklane som er der til einkvar tid...
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... iefpsx.jpg[/img]
Tur driv ein med også. Kjærasten og eg tok ein tur til Nordby på svensk side, då vi var nedom Sarpsborg. Til vår store glede var det ein mcrelatert sjappe der med godt med kle, så då måtte vi jo innom der og snoke. Alt slikt er alltid moro!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... l2axp9.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... lfi93b.jpg[/img]
Vinteren er jo ikkje ein tid der ein køyrer så mykje motorsykkel, iallefall ikkje vi endå, så då syklar vi på manuelle to-hjulingar. Dette er frå begynnelsen av Mars. Vi studerar i Stjørdal, og vi syklar til og frå skulen. Denne dagen bles det så fælt og så kraftig, at vi måtte gå store deler av strekka. Der syklane ligg på sida, var der den plutselige medvinden vart sidevind, og det gjekk straka vegen i grøfta, sjølv om vi ikkje fraus til i blikket. Skumle greier.
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... t7bo2r.jpg[/img]
Ein annan hobby vi har, er jo våpen. Her er den siste ervervelsen i samlinga, ein Heckler & Koch SFP9. Fantastisk pistol, med utskiftbare grepsplater. Både kjærasten og eg skyt denne, eg med store plater, ho med små plater. Veldig kjekt!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... vezdnp.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 45ox1e.jpg[/img]
Gjennom vinteren blir det jo litt tid å å både skru, og nyte synet av syklane sine. Kjærasten har nett då fått montert på både nye hendlar, og bar-ends, heilt sjølv! Imponert, med tanke på at einaste skruinga ho har gjort tidlegare, i grunn er å skifte dekk på bilen sin. Elles blir det berre å sjå på syklane sine som pynt...
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... tuxooa.jpg[/img]
Verkstaden heime blir brukt til fleire ting. Volvoen på bukken er kompisen min sin, han som eig MT07'n. Den grøne KAwaen er bror min sin Z800E, altså ein mellomtung. Bakfor der att, er kjærasten min sin ER6N.
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... fju9ln.jpg[/img]
Våren har venta på seg, men ut i April har alle fått syklane ut å gå att. Dette var bilete frå eine turen vi var ute og prøvde å få vekk litt av vinterrusta som har samla seg. Litt pimping må til, og ser at nye bar-ends, hendlar og Oxford varmeholkar på alle syklane gjer seg.
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... rqdzho.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... i5kelp.jpg[/img]
Dette er frå to turar der vi har hatt med oss folk på tur. Eg skal ærleg innrøme at eg tykkjer det er utruleg kjekt å ta med seg folk som ikkje har mclappen, eller anleiing til åfå sitje på så mykje med mc sjølv. Eg har eindel ekstra kle, ein ekstra hjelm, og utstyr, så tritt og ofte har eg med folk på baksetet. Ikkje er det behagleg for passasjeren, men DET bryr dei seg fint lite om. Litt bråkete anlegg, tunnell, kommunikasjon, og ein sykkel dei tykkjer ser bra ut, så har vi det utruleg moro! Kjærasten min er såpass grei at ho av og til lånar vekk sykkelen sin til andre også, og eine gongen tok ein far med seg lisjeguten sin å tur. Gutungen sovna etterkvart, men han tykte det var hysterisk moro då han var vaken!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... dxoqyo.jpg[/img]
Her er vi på tur til Sverige på bursdagen til kompisen vår. Han hadde eit ynskje for dagen; og det var å køyre til Storlien for å hanle på svensk side i både ryggsekk og sidetasker, og det fekk han jo. Etterpå vart dagen feira med god mat med fine folk.
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... uhl8tr.jpg[/img]
Her er eit bilete frå Tautra. No har folk begynt å møke ute, og det merkjast godt på lukta... Som ein bondeson, og bygdapatriot, kan ein godt sei at det luktar peng!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... v3lowp.jpg[/img]
Eg la ut dette biletet på Motorsyklistenes Facebook-side, for å skryte av kjærasten som tykkjer det er pent med ein rein og fin sykkel, og gjer då det ho kan for å halde den rein. Det vart litt belæring om at høgtrykksspylar og slikt ikkje måtte vere for nær sykkelen, at høgtrykksspylar var mindre sunt for lakken.. Og så vidare. Eg er berre stolt over at ho gjer det ho gjer. Ho er herleg, og gjer sitt ytterste for å kose seg med hobbyen sin!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 5a32jh.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... s9b4gg.jpg[/img]
Kjærasten kjøpte sykkelen med Givi Tanklock-system på. Eg har alltid vore glad i tankveske, og eg var solgt. Kjøpt og montert, så kan vi dele på same tankveskene. Bror min har same systemet på sin også, så det var berre gulle gode greier!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... u2yay0.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... bq6ypg.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... fnmxbe.jpg[/img]
Kjærasten min er gått frå ikkje skru overhodet, til å ta av felgen på sin eigen sykkel. Dekket måtte skiftast, og då passa det fint at ho fekk prøve dette sjølv. Og ho tok av felgen, og monterte på, kun med litt rettleiing. Flink pike!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... tgvllq.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... qcv0b9.jpg[/img]
Vi var på Cars & Coffee-treff i Trondheim i begynnelsen av Mai. Dei to bileta der knabba eg frå facebook, av han som tok dei. Då vi skulle til å reise derfrå, kom fotografen springjande bort då han såg at det var ei jente som køyrte, så.. Moro, var det! Det andre biletet er av kompisen vår på sin MT07 og meg.
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... agdugx.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... pkn2yi.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... bk2hqm.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ez0d9p.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... fs6lae.jpg[/img]
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... jvgrsa.jpg[/img]
Vi var jo ute og køyrte i går att, og då vart det teke endå fleire bileter av eine veninna vår bak på eine sykkelen. Vi tenkte å drage den tanken vidare, så eg fiksa då slik at eg kunne bruke Gopro på hjelmen min. Korleis desse bilet ablir, blir spennande å sjå!
[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 4xc97v.jpg[/img]
Dette siste biletet er av Nellie, ei kjempegod veninne av meg, etter at vi var på mctur August i fjor. Vi snakka lengje om å få til mctur att no i sommar, men i går tapte ho også kampen mot kreft. Viser berre kor viktig det er å nyte, og kose seg me det ein har, når ein har det. Eg er utruleg glad eg fekk denne turen med ho, og like glad for at eg fekk ta bilete av dette. Det er eit evig godt minne eg verkleg vil hugse, og ta med meg vidare.