Hadde årets første køyretime i dag, og var årets første som køyrte tung mc hjå køyreskulen. Så dette lover jo bra for resten av sesongen.
Dessverre så har vinteren hatt ein effekt, og eg var pinnestiv i begynnelsen. På bremseøvelsen så var det ikkje mykje som var laust og ledigt.
Det kom seg litt etter litt, men som alltid så når ein blir varm i trøya, så var det påtide å vende tilbake til køyreskulen.
Oppturen var vel det at han var fornøgd med krypkøyringa mi så langt. Men må sei at venstre hånda var nesten heilt øydelagt etter så mykje bruk av clutch. Så er vel begynne å trene den litt.
Ellers så er han fornøgd med trafikkflyten mens eg køyrer. Så når eg behersker det køyretekniske så skal det nok gå fort unna fram til eg står med lappen i hånda.
