Dessverre ingen oppkøyring endå, og skal mase litt meir på tysdag.
Har fått tid for sikkerheitskurs på bane no, som skal skje på onsdag og så er det essensielt kun langkøyring igjen så er eg klar.
Blei litt travelt på jobb, sidan turnusen min gjorde at eg har hatt 1 veke med nattevakt. Så har ikkje tenkt så mykje på å oppdatere her.
Har tenkt "litt" på kor lenge det er til eg eventuelt får lappen, og har kommet fram til at viss eg ikkje klarer å få den iløpet av juni/tidleg juli så utsetter eg nok kjøp av sykkel til neste sesong. Sjølv om eg har sikla etter sykkel i altfor lang tid, så må eg tenke økonomisk. Og då blir det dessverre slik.
Har forresten eit lite spørsmål som folk kanskje kan hjelpe meg med.
Fekk i forrige veke betalingsgiro og alt sånt frå NMCU, og lurte litt på korleis i all verda skal eg få det på medlemskortet at eg har betalt det.
Klarte sjølvsagt bragden med å ikkje krysse av for kvittering når eg betalte i nettbanken.
Men den er betalt, så no er eg ihvertfall registrert og betalt medlemskap der
Og sidan eg har så mykje tid utan moglegheit til å køyre sykkel, så er eg jo ganske så ofte på finn.no for å sikle på sykler der. Og det gjer meg nesten vondt å sjå at to sykler eg har lyst på har blitt satt ned i pris opptil fleire gonger sidan eg først oppdaga dei.
Har sagt til meg sjølv at eg ikkje skal kjøpe før eg har lappen, sidan eg trur ikkje eg hadde klart å motstå fristelsen med å køyre litt utan lappen.