Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Din egen Forum-blogg! Om MC-livet ditt og annet du vil dele med andre.
Svar
45316
Innlegg: 920
Registrert: 24 apr 2013, 12:58
Motorsykkelen din: ZZR600 98mod

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av 45316 »

Så du spurte om skyting tidligere i tråden. Jeg har drevet med det, men siste åra har det blitt veldig lite grunnet dårlig med fritid. (2 barn). DFS og praktisk/dynamisk. Har blant annet en SP01 jeg må få luftet i løpet av våren.

Sent fra min SM-G900F via Tapatalk

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

45316 skrev:Så du spurte om skyting tidligere i tråden. Jeg har drevet med det, men siste åra har det blitt veldig lite grunnet dårlig med fritid. (2 barn). DFS og praktisk/dynamisk. Har blant annet en SP01 jeg må få luftet i løpet av våren.

Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
Definetivt ikkje feil! Skyt innan NSF, NJFF og DSSN sjølv, så det er godt! Fekk nett eit kadett-sett til min eigen Shadow no, og det gjer seg! :)

Såg no at det var lengje sidan eg hadde skrive her. Sidan eg skreiv ein post i ein annan tråd, får eg vel ta oppatt tråden her også gitt. :-) Og ja, ingen problem at det blir litt trådkupping, berre fint at også min tråd kan brukast til noko. :-D

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ganffa.jpg[/img]

Vel, arbeidde jo med ein sikkerheitskontroll-app for motorsykkel i haust, og i begynnelsen av vinteren. Det førte til litt filming, og vi brukte i hovudsak tre syklar; ein kompis sin Mt07, kjærasten sin ER6N, og min Z800. Og då er det jo naturleg å ta bileter av syklane som er der til einkvar tid...

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... iefpsx.jpg[/img]

Tur driv ein med også. Kjærasten og eg tok ein tur til Nordby på svensk side, då vi var nedom Sarpsborg. Til vår store glede var det ein mcrelatert sjappe der med godt med kle, så då måtte vi jo innom der og snoke. Alt slikt er alltid moro!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... l2axp9.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... lfi93b.jpg[/img]

Vinteren er jo ikkje ein tid der ein køyrer så mykje motorsykkel, iallefall ikkje vi endå, så då syklar vi på manuelle to-hjulingar. Dette er frå begynnelsen av Mars. Vi studerar i Stjørdal, og vi syklar til og frå skulen. Denne dagen bles det så fælt og så kraftig, at vi måtte gå store deler av strekka. Der syklane ligg på sida, var der den plutselige medvinden vart sidevind, og det gjekk straka vegen i grøfta, sjølv om vi ikkje fraus til i blikket. Skumle greier.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... t7bo2r.jpg[/img]

Ein annan hobby vi har, er jo våpen. Her er den siste ervervelsen i samlinga, ein Heckler & Koch SFP9. Fantastisk pistol, med utskiftbare grepsplater. Både kjærasten og eg skyt denne, eg med store plater, ho med små plater. Veldig kjekt!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... vezdnp.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 45ox1e.jpg[/img]

Gjennom vinteren blir det jo litt tid å å både skru, og nyte synet av syklane sine. Kjærasten har nett då fått montert på både nye hendlar, og bar-ends, heilt sjølv! Imponert, med tanke på at einaste skruinga ho har gjort tidlegare, i grunn er å skifte dekk på bilen sin. Elles blir det berre å sjå på syklane sine som pynt...

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... tuxooa.jpg[/img]

Verkstaden heime blir brukt til fleire ting. Volvoen på bukken er kompisen min sin, han som eig MT07'n. Den grøne KAwaen er bror min sin Z800E, altså ein mellomtung. Bakfor der att, er kjærasten min sin ER6N.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... fju9ln.jpg[/img]

Våren har venta på seg, men ut i April har alle fått syklane ut å gå att. Dette var bilete frå eine turen vi var ute og prøvde å få vekk litt av vinterrusta som har samla seg. Litt pimping må til, og ser at nye bar-ends, hendlar og Oxford varmeholkar på alle syklane gjer seg.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... rqdzho.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... i5kelp.jpg[/img]

Dette er frå to turar der vi har hatt med oss folk på tur. Eg skal ærleg innrøme at eg tykkjer det er utruleg kjekt å ta med seg folk som ikkje har mclappen, eller anleiing til åfå sitje på så mykje med mc sjølv. Eg har eindel ekstra kle, ein ekstra hjelm, og utstyr, så tritt og ofte har eg med folk på baksetet. Ikkje er det behagleg for passasjeren, men DET bryr dei seg fint lite om. Litt bråkete anlegg, tunnell, kommunikasjon, og ein sykkel dei tykkjer ser bra ut, så har vi det utruleg moro! Kjærasten min er såpass grei at ho av og til lånar vekk sykkelen sin til andre også, og eine gongen tok ein far med seg lisjeguten sin å tur. Gutungen sovna etterkvart, men han tykte det var hysterisk moro då han var vaken!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... dxoqyo.jpg[/img]

Her er vi på tur til Sverige på bursdagen til kompisen vår. Han hadde eit ynskje for dagen; og det var å køyre til Storlien for å hanle på svensk side i både ryggsekk og sidetasker, og det fekk han jo. Etterpå vart dagen feira med god mat med fine folk.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... uhl8tr.jpg[/img]

Her er eit bilete frå Tautra. No har folk begynt å møke ute, og det merkjast godt på lukta... Som ein bondeson, og bygdapatriot, kan ein godt sei at det luktar peng!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... v3lowp.jpg[/img]

Eg la ut dette biletet på Motorsyklistenes Facebook-side, for å skryte av kjærasten som tykkjer det er pent med ein rein og fin sykkel, og gjer då det ho kan for å halde den rein. Det vart litt belæring om at høgtrykksspylar og slikt ikkje måtte vere for nær sykkelen, at høgtrykksspylar var mindre sunt for lakken.. Og så vidare. Eg er berre stolt over at ho gjer det ho gjer. Ho er herleg, og gjer sitt ytterste for å kose seg med hobbyen sin!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 5a32jh.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... s9b4gg.jpg[/img]

Kjærasten kjøpte sykkelen med Givi Tanklock-system på. Eg har alltid vore glad i tankveske, og eg var solgt. Kjøpt og montert, så kan vi dele på same tankveskene. Bror min har same systemet på sin også, så det var berre gulle gode greier!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... u2yay0.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... bq6ypg.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... fnmxbe.jpg[/img]

Kjærasten min er gått frå ikkje skru overhodet, til å ta av felgen på sin eigen sykkel. Dekket måtte skiftast, og då passa det fint at ho fekk prøve dette sjølv. Og ho tok av felgen, og monterte på, kun med litt rettleiing. Flink pike!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... tgvllq.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... qcv0b9.jpg[/img]

Vi var på Cars & Coffee-treff i Trondheim i begynnelsen av Mai. Dei to bileta der knabba eg frå facebook, av han som tok dei. Då vi skulle til å reise derfrå, kom fotografen springjande bort då han såg at det var ei jente som køyrte, så.. Moro, var det! Det andre biletet er av kompisen vår på sin MT07 og meg.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... agdugx.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... pkn2yi.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... bk2hqm.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ez0d9p.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... fs6lae.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... jvgrsa.jpg[/img]

Vi var jo ute og køyrte i går att, og då vart det teke endå fleire bileter av eine veninna vår bak på eine sykkelen. Vi tenkte å drage den tanken vidare, så eg fiksa då slik at eg kunne bruke Gopro på hjelmen min. Korleis desse bilet ablir, blir spennande å sjå!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 4xc97v.jpg[/img]

Dette siste biletet er av Nellie, ei kjempegod veninne av meg, etter at vi var på mctur August i fjor. Vi snakka lengje om å få til mctur att no i sommar, men i går tapte ho også kampen mot kreft. Viser berre kor viktig det er å nyte, og kose seg me det ein har, når ein har det. Eg er utruleg glad eg fekk denne turen med ho, og like glad for at eg fekk ta bilete av dette. Det er eit evig godt minne eg verkleg vil hugse, og ta med meg vidare.
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

45316
Innlegg: 920
Registrert: 24 apr 2013, 12:58
Motorsykkelen din: ZZR600 98mod

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av 45316 »

Setter pris på at du deler med oss! Gode bilder og ord!

Sent fra min SM-G900F via Tapatalk

Brukeravatar
Elruts84
Innlegg: 1348
Registrert: 02 jun 2013, 12:22
Motorsykkelen din: Yamaha Tracer 900 GT
Bosted: Stavanger
Kontakt:

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Elruts84 »

Hei Papi

Har lest igjennom hele "bloggen" din, og må si du er flink å skildre og levere gode tekster. Blir revet med i hver eneste tekst og håper du fortsetter med dette. Takk :D

I siste innlegget ditt her fikk jeg virkelig klump magen og vondt i meg. Og må med det kondolere så mye. Det var utrolig trist lesing. Håper virkelig folk tar det med seg det du skriver at vært minne er verdifullt og nyt hverdagen og hverandre til det fulleste. :m
Gode minner må verdsettes så høyt.

Elruts
____________________
LocaToWeb
2022: 6000km enn så lenge (Nye Road 5 dekk på 11.500 km) (12.000km tot. på Traceren)2021: 100km enn så lenge 2020: Ny sykkel! Yamaha Tacer 900 GT 5000km 2019: 100 km MC solgt 2018: 2500 km
2017: 400 km 2016: Kost litt med MCen.Men 0 km på telleren 2015: 9275 km (Sesongstart på 40264km.) (Nye Michelin Pilot Road 4 på 42514km) 2014: 5174 km 2013: 3015 km
YAMAHA Tracer 900 GT 2020 Bilde

JK95
Innlegg: 1081
Registrert: 29 okt 2011, 16:48
Motorsykkelen din: Ducati Streetfighter 1098
Bosted: Trondheim

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av JK95 »

Var det dere som kom der ja, hadde liksom aldri sett den ekvipasjen før :) På de bildene fra C&C ser du min svarte GSXR med hvit hjelm på speilet, resten av fyren vandret rundt i hvit og svart skinndress ^^ Skal prøve å huke tak i deg neste gang jeg ser deg

Online
Brukeravatar
AJ
Administrator
Innlegg: 39827
Registrert: 30 sep 2006, 18:46
Motorsykkelen din: KTM 1290 SA S, ('18), Moto Guzzi v7 850 Special 100 year Anniversary
Bosted: Lunner på Hadeland
Kontakt:

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av AJ »

Helt enig med de andre, et godt, morsomt, velskrevet blogginnlegg med bilder som virkelig understreker livs- og MC-gleden dere har :thumleft .
Trist lesning også... Men godt skrevet og med bilder som viser livsgleden som et godt minne.
_________________________________________________________________________
De som ønsker å bidra økonomisk til driften av forumet kan benytte et av alternativene her.
BildeBilde

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

45316 skrev:Setter pris på at du deler med oss! Gode bilder og ord!
Tusen takk! Kjekt å kunne vere med og bidra litt. :-)
Elruts84 skrev:Hei Papi

Har lest igjennom hele "bloggen" din, og må si du er flink å skildre og levere gode tekster. Blir revet med i hver eneste tekst og håper du fortsetter med dette. Takk :D

I siste innlegget ditt her fikk jeg virkelig klump magen og vondt i meg. Og må med det kondolere så mye. Det var utrolig trist lesing. Håper virkelig folk tar det med seg det du skriver at vært minne er verdifullt og nyt hverdagen og hverandre til det fulleste. :m
Gode minner må verdsettes så høyt.

Elruts
Tusen takk, det var kjekt å høyre! Satsar på å fortsetje, trass i at det kan ta litt tid av og til. Men då har eg iallefall litt å skrive når det skjer noko! :thumleft

Ja, det sit litt longt inne endå, men begynner smått å gå opp for meg. Kvart eit minne er verdifullt, om det er noko ein kan sjå på, smile over då, og seinare. Vi er ansvarlige for våre eigne gleder og minner, det er ingen tvil om! :prf

JK95 skrev:Var det dere som kom der ja, hadde liksom aldri sett den ekvipasjen før :) På de bildene fra C&C ser du min svarte GSXR med hvit hjelm på speilet, resten av fyren vandret rundt i hvit og svart skinndress ^^ Skal prøve å huke tak i deg neste gang jeg ser deg
Stemmer, det er oss! Består som oftast av ein raud bråkete MT07, deretter ein blå bråkete ER6N, deretter ein litt stillare grøn Z800... Ser den på bileta ja, moro! Er ebrre å huke tak i meg, er berre kjekt det! Vi er snart ferdige med eksamen og skulen i STjørdal no, men satsar på nokre få C&C-treff til før vi dreg herfrå! :knegg :thumleft

AJ skrev:Helt enig med de andre, et godt, morsomt, velskrevet blogginnlegg med bilder som virkelig understreker livs- og MC-gleden dere har :thumleft .
Trist lesning også... Men godt skrevet og med bilder som viser livsgleden som et godt minne.
Tusen takk, slikt er kjekt å høyre! Eg tykkjer det er litt godt å kunne skrive litt slikt, for det er moro å beskrive. Håpar det vert meir av det etterkvart også! :lol :twothumbs:
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Brukeravatar
Jompa
Innlegg: 7211
Registrert: 08 jan 2011, 14:52
Motorsykkelen din: Triumph Sprint GT 1050
Bosted: Alta

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Jompa »

Helt enig med deg og flere av de andre som har kommentert i det du skriver om å ta vare på minner.
Jeg var engang i en begravelse etter at en ungdom ble drept i ei ulykke,
og da sa presten bla.a:

Et levd liv er et helt liv, selv om det ble kort.
De svake øyeblikkene er de beste øyeblikkene.

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

Vel, ikkje så mykje som skjer her for tida. Kort og godt har eg eg hatt alt av eksamanar på skulen, der alt av tid har gått til dette. Var i begravelse til veninna mi, fyrste gongen eg har sett ein rosa kiste. Vakker begravelse, der det i minnestunda også vart synt eit bilete av ho på motorsykkelen min. Bileter er fint, slik ein bevarar minner! No avventar eg sensur, og håpar indarleg at eg har bestått på alt. Kryssar fingrar og tær, og har trua på det gode! Har diverre blitt lite motorsykkel-relatert gjort i løpet av denne tida, men LITT har det blitt i det minste. Har hatt nokre køyreturar med fine folk her oppe, som køyrer sjølv, og som har sete på. Mykje av tida eg køyrer, køyrer eg med folk på, fordi andre også skal få opplevinga av å få vere motorsyklist. Eine vi hadde på, fekk prøve ER6'n til kjærasten, prøvesitje, og vart solgt. Rett på nett, fann ein og annan ho likte, og ein sendte ho forespørsel på, berre på tull. Morgonen etter fekk eg melding med ho, joda, den var ledig, ikkje solgt, og ho ville ha den! Påfølgjande veke drog ho og kjærasten og henta då ein svart ER6N i Haugesund, rett frå service med litt ymse tilbehøyr. No ventar vi berre på at ho skal køyre ferdig det ho treng før oppkøyring, så har vi nok endå ei der som køyrer sjølv!

Elles har det som sagt blitt litt køyreturar. Tek litt bileter av og til, men det blir meir med tilfeldigheitene. Drog med goproen på hjelmen som sett i førre bilete-innlegg, og joda, det funka fint dette! Litt moro å kunne få sjå att augneblinka i seinare tid, og no blir det å fokusere på at kjærasten skal bli komfy med å lene seg endå lengre ned og inn i svingen. Då kjem nok kameraet også godt til nytte!

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... wilwso.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... k2kiee.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... gqsqji.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... e2vxgk.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... frdjrf.jpg[/img]

Ein motorsyklist er ikkje berre ein motorsyklist forøvrig. Ein god motorsyklist klarar også å flette andres hår når fletta går opp, grunna for mykje vind i håret. DET er den rette måten å få jenter inn i hobbyen på!


[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 8eu1hf.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... dy4gcp.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 5njwze.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 1locr6.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 4g09zw.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ideqdy.jpg[/img]

Bror min ville ha nytt eksosanlegg til motorsykkelen sin, ein Z800E. Eg fekk bestilt, og etter fleire gonger med feilslåtte forsøk med å få den til oss, kom den endleg i hus. Den vart sendt til feil adresse i feil land fyrste gongen, deretter vart den sendt tilbake derfrå, og då vart den sendt til ein annan som ville ha same typen. Deretter vart det sendt ut feil type, som deretter vart sendt attende. Men deretter var det plutsleg tomt for den han ville ha, så då måtte ein ny produserast... Litt moro å faktisk få ein slipon, produsert i eins eige navn, med dato og alltingen. Litt surrealistisk kjensle, men då kan eg skryte på meg at eg fekk ein italiensk slipon produsert særskilt for meg. Ein GPR, vart ein kjempefin ljod i dyret! Eg sjølv har ein Mivv, og den ser bra ut, og har ein fin ljod, men denne høyrtest i grunn betre ut!

Elles arbeid vi jo med pakking for tida. Det var jo planlagt at vi skulle reise i dag, sundag, og vi hadde førebudd alt, vogn, syklar, og alt anna. I dag tidleg fann kjærasten ut at løpehjulet på bilen var gåent, på multiribreima, sååå.. Då vart turen utsett på ubestemt tid. Den var nyleg inne til register- og multiribreimskift på ein verkstad, så reknar med dei får ordna dette i løpet av morgondagen. Ein kompis kjøpte ein tilhengjar til far sin, så då fekk vi jo med oss samtlige syklane også.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 2nxequ.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 4zdgit.jpg[/img]

Eg snakka med han då han køyrte nedover, og han hadde fått mange blikk nedover E6'n. Eg trur han likte seg, me den oppmerksemda han fekk. Mange som smilte og ga tommel opp, og DET er jo innafor! Av desse tre syklane, gjett kva for ein som fekk det? Jo, det skal eg fortelje, den blå. Og det er jentesykkelen i selskapet!

Sidan vi no i dag fekk ein dag ekstra, vi ikkje hadde jobb, ikkje hadde noko å pakke, og overhodet ingenting av skulearbeid å lese på, så måtte vi jo finne på noko.. Ei veninne tipsa meg tidlegare i månaden om Bikefest 2016 i Trondheim, men vi skulle jo heim, så vi ville ikkje rekkje dette.. Vel, skulle. Med ein dag til overs, fekk vi teke oss tida bortom. Utruleg mykje fint å sjå, og kjærasten fann også mange ting ho likte! Sjølvsagt var det overrepresentert av HD, men det er jo så stor variasjon der også, at det gjer overhodet ingenting! Vi storkoste oss, sjølv om regnet lurte forsiktig. Kan trygt sei at dette var ein fin avslutning på eit fint to-årig opphald i Stjørdal og Trondheim. Blir vel litt å finne i området i tida framover også, om det vert etterutdanning, men alt til sin tid... Ikkje så mange bileter denne gongen, men slik er det no.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 5y2v4g.jpg[/img]
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Online
Brukeravatar
AJ
Administrator
Innlegg: 39827
Registrert: 30 sep 2006, 18:46
Motorsykkelen din: KTM 1290 SA S, ('18), Moto Guzzi v7 850 Special 100 year Anniversary
Bosted: Lunner på Hadeland
Kontakt:

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av AJ »

Fabelaktig artig å lese :thumleft
Og fine bilder!

Også må jeg bare igjen få si at jeg synes det er skikkelig moro og lese så gjennomført nynorsk som du skriver - en riktig god fornøyelse å lese dine MC-opplevelser på dette målføret :twothumbs:
_________________________________________________________________________
De som ønsker å bidra økonomisk til driften av forumet kan benytte et av alternativene her.
BildeBilde

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

AJ skrev:Fabelaktig artig å lese :thumleft
Og fine bilder!

Også må jeg bare igjen få si at jeg synes det er skikkelig moro og lese så gjennomført nynorsk som du skriver - en riktig god fornøyelse å lese dine MC-opplevelser på dette målføret :twothumbs:
Hehe, tusen hjartleg. Alltid like kjekt med litt skryt! :twothumbs:

Ja, då var ein jo komen heimatt, og ein styrar jo på med alt som har med motorsyklar med meir å gjere. Denne helgja (3.-4. Juni) var det motorfestival her i Stryn, så då var det snakk om å gjere syklane klare for dette, i tillegg til det arbeidet ein skulle gjere. Det vart litt arbeid i verkstaden ja...

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 5nnnxx.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... nmld5v.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... j3jeum.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... favhtq.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ejd2j3.jpg[/img]

I tillegg fekk jo kjærasten lakkert nokre små deler på sykkelen sin. Men det gjorde STORT utslag! Her er før- og etter-bilete.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... g7riys.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... gfdueq.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ikgo92.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 9kooja.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... g3s5cp.jpg[/img]

I tillegg skrur vi jo på altmogleg anna også...

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... jdkbs8.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... mtvxgn.jpg[/img]

I tillegg har vi jo god selskap av bikkja...

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... co31dv.jpg[/img]

Elles gjer kjærasten og eg oss klar til ein liten ferie mot austlandet, og kanskje sørlandet også. Då er det prøving av sidevesker. Ho har nokre Oxford sports-vesker, medan eg har Cortech 2.0 Contoured. Blir spennande å prøve dette også! Er ikkje mykje vi treng, men vi tek også med oss Givi Tanklock-vesker til endå litt ekstra.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... qblenu.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... 1sgn9z.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... zqrwiz.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... s0ahgf.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... eshmpi.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... klvf8s.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... ixuqt5.jpg[/img]

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... mlutzr.jpg[/img]

Her er til slutt eit bilete frå i dag. Som ein del av paraden, køyrte vi ein liten vennegjeng også. Dette biletet vart teke då vi stod i kø.

[img]http://i196.photobucket.com/albums/aa58 ... lqctrn.jpg[/img]

Som ein avslutning, her er ein liten film frå det eg la saman i dag. Berre kjapt frå sjølve minidragen, med fokus "musikk i våre øyrer". Det er definetivt råkult med store motorar på desse arrangementa.

https://www.youtube.com/watch?v=aHDEWqyJ6xs
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

Oi, ser at det er ei stund sidan sist eg skreiv.. Ikkje mykje som har hendt sidan den gong, sambuar, eine kompisen og bror min solgte syklane sine tidlegare i vår.. Den gode nyhend er at bror min skal ha seg ein ny ein etterkvart, kompisen min skal også kjøpe berre vi brukar litt meir tid på overtaling, to andre gode kompisar tek lappen for tida, og sambuaren min skal ha seg ein flett ny mc neste gong verkar det som. Skal faktisk ned til Alf Grårud i Sarpsborg og prøveein Kawasaki Z650, så blir spennande ås jå korleis ho tykkjer det er. KAnskje eg klarar å snike emg til å prøve ein Kawasaki Vulcan, sjølv om eg har lyst på ein V-Rod... :D
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Online
Brukeravatar
AJ
Administrator
Innlegg: 39827
Registrert: 30 sep 2006, 18:46
Motorsykkelen din: KTM 1290 SA S, ('18), Moto Guzzi v7 850 Special 100 year Anniversary
Bosted: Lunner på Hadeland
Kontakt:

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av AJ »

Hyggelig å ha deg og nynorsken tilbake :twothumbs: !

Mindre hyggelig å se at linkene til de flotte bildene i den forrige posten din, ikke lenger funker pga. Photobuckets nye policy, som ligner veldig på disse hackerangrepene mange ble utsatt for en tid tilbake (kravet om løsepenger for å få gjenåpnet filene...) :sk? .

Bare å styre unna Photobucket heretter, altså.
Anbefaler gjerne Tinypic og Postimage, som begge er gratis og enkle å bruke.
Så får man bare håpe at disse fortsetter med det... :overtro
_________________________________________________________________________
De som ønsker å bidra økonomisk til driften av forumet kan benytte et av alternativene her.
BildeBilde

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

Notert til sidan! Skal bruke dei tenestene heretter til bileter og liknande :D

Lite nytt som har hendt; med unntak av for meg to litt store ting; eg har investert i Rukka Premium Gore-tex, som skapte ein heilt ny verden for meg. Aldri vore so tørr, og varm sjølv i dritveir før. Fantastisk kjensle! Og så fekk eg nyleg vite at eg fekk godkjent siste oppgåvene mine i motorsykkelutdanninga, så no er eg endleg ferdig godkjent trafikklærar på motorsykkel, i tillegg til bil og litt ymse anna. Så då får eg håpe at skulen min etterkvart begynner med mc. Eg er iallefall svært gira - så får vi sjå kva som skjer til neste år!
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Toven

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Toven »

Grattis med det!! :)

Brukeravatar
Papi
Innlegg: 64
Registrert: 30 sep 2013, 22:55
Motorsykkelen din: '99 Kawasaki Nomad / '13 Kawasaki Z800

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av Papi »

Eg oppdatera berre causally every now and then ser eg, eg er tydeligvis ikkje særleg nevneverdig flink til det gitt. Når vi er inne på det; kva fotodelingsside er å anbefale, noko ala photobucket? Tenkte at det er jo utruleg mykje kjekkare med trådar som har eindel bileter i seg.

Forøvrig, oppdatering frå min side. Sambuaren min solgt sykkelen sin i haust, og fekk gjort ein sueprdeal på ein 2017 Kawasaki Z650. I tillegg til Z800'n min, har eg og bror min kjøpt felles ein 1999 Kawasaki Vulcan Nomad, som blir nytta til cruising for min del, sidan eg pendlar mykje. I tillegg har ein kompis kjøpt seg ein 2017 MT09. Har blitt rundt 3000 km sidan sesongen opna i begynnelsen av April. Trollstigen opna dagen etter at vi var i Valldal, så det var litt sugent.

Elles skal vi på mctur til Italia ein liten gjeng, i seinsumar eingong, avreise rundt 19. August frå Oslo. Vi tenkjer Kiel-ferga, deretter å køyre til Hamburg, ta inn på tog, og ta den til Wien. Deretter køyre inn i Italia, og finne ein stad å overnatte der, der vi kan reise litt rundt til forskjellige stadar. Nokon som har tips og råd å kome med i høve til det?

Elles går jo dagane på to hjul... :thumleft
Papi Media Productions @ Youtube
http://www.youtube.com/user/PapiMediaProductions

Sikkerhetskontroll for motorsykkel; Klasse A, A1 og A2 @ Youtube
https://www.youtube.com/channel/UCPDqFW ... HCLM-BEEHw

I <3 CAKE.

Online
Brukeravatar
AJ
Administrator
Innlegg: 39827
Registrert: 30 sep 2006, 18:46
Motorsykkelen din: KTM 1290 SA S, ('18), Moto Guzzi v7 850 Special 100 year Anniversary
Bosted: Lunner på Hadeland
Kontakt:

Re: Ærleg frå Papi: Mitt liv som motorsyklist

Legg inn av AJ »

Papi skrev: 19 mai 2018, 23:43 Eg oppdatera berre causally every now and then ser eg, eg er tydeligvis ikkje særleg nevneverdig flink til det gitt. Når vi er inne på det; kva fotodelingsside er å anbefale, noko ala photobucket? Tenkte at det er jo utruleg mykje kjekkare med trådar som har eindel bileter i seg.
Tinypic og Postimages er gratistjenester som funker fortsatt, selv om Postimages hadde noen hostingproblemer en stund tilbake.
Men nå virker det som at ting er på stell igjen.

http://tinypic.com/

https://postimages.org/
_________________________________________________________________________
De som ønsker å bidra økonomisk til driften av forumet kan benytte et av alternativene her.
BildeBilde

Svar