Om meg
Ser det er populært å skrive litt om seg sjøl først, så då gjer eg det!
Namne er Jantsen, 94 modell født i september. Er lærling og satsa idrett paralelt. Er lærling hjå Relacom i Førde som telekommunikasjons montør. Idretten er vektløfting, olympisk stil vel og merke

Sykkel historia mi
Då eg gjekk i 9. klasse fant eg ut at å puttre rundt på mopeda vart for pinglete og bestemte meg for å kjøyre på med LettMC


Då eg fekk lappen, reiste eg heim for å kjøyre sykkelen inn til Førde, slik eg kunne ha den på hybelen. Starta NSRn faen ikkje! eg gjekk ein måne før den var ferdig på verksted, og eg endeleg kunne begynde å sluke mila!

Det eg først såg på var 2006 Aprilia RS. Vi hadde avtalt pris og henting, men kvelden før eg skulle hente sykkelen, sendte dama meg melding og sa den var solgt!! Så då tok eg ein spontan avgjerelse og ringte etter ein 2005 Mito som stod i Haugesund, henta den dagen etterpå! Var STOR fornøgd! Sykkelen er heilt orginal og gått 15k. Einaste pirk, var ei lita sprekke rundt blinklys feste.
Vel, no har det snart gått eit år sida eg fekk Mitoen. Den 27. Juni i år var eg og fattern ein MC-tur til Bergen. På vei heim kjørte eg forran, og rett sør for massfjordtunellen var eg litt overivrig på gassen. Desverre stod onkel blå med lasar i grøftekanten og målte meg i ein fart som ikkje akkuratt vart akseptert av norske lover

Nok om det, her er litt bilde av godsykkelen min!







Xenonlys!

