Eg tok lappen på MC i dag, så eg er rimeleg fersk

Har sett litt på dette forumet ei tid, og tenkte at det kan vere greitt å registrere seg og få litt tips av erfarne folk :-)
Beklager at eg startar endå ein ny tråd om eit slikt emne som dette, men slike trådar blir ganske personlige både etter interesser og kroppsform, så difor tar eg sjansen på at eg også får opprette ein slik tråd.
Eg er 181 cm og ganske tynn/slank.
På køyreskulen brukte eg BMW F650GS. På denne sykkelen satt eg ganske greitt. Sidan det er den einaste sykkelen eg har prøvd til no veit eg ikkje kva som passar meg best, men i løpet av læretida har eg opplevd sykkelen som stabil og fin. Synest kanskje eg sit litt høgt på den, men når fint ned med begge føter. Gassen er veldig følsom, så bykøyring har blitt litt hakkete av og til


Den sykkeltypen som tiltalar meg mest med tanke på utsjønad er cruiser/"halv-chopper". Litt usikker på riktig namn på typane enno, men typisk Yamaha Virago, Honda Shadow, "snill" Harley, osv.
Eg har høyrt at Virago skal vere veldig grei som begynnersykkel, men blir denne for lav for meg?
Er det stor forskjell på f.eks 535 og 750 (evt også 1100)?
Er det stor forskjell på Virago og Shadow?
Er det eventuelt andre liknande syklar eg burde vurdert som alternativ for desse?
Eg kan jo alltids vurdere heilt andre typar syklar også, men eg tenker at det er viktig å ha ein sykkel ein likar å sjå på også.
Sidan eg er heilt fersk er eg takknemmleg for absolutt alle tips, sjølv om dei ikkje skulle falle innanfor sykkeltypen eg ønsker.
Eg vil sette stor pris på begrunnelse for dei anbefalingane eg får.
Takk :-)
EDIT:
Sykkelvalget falt til slutt på Suzuki Intruder VS700 1987-mod :-)
(Prøving og vurdering kan lesast utover i tråden)