Som fersk MC-førar må eg seie at eg er veldig ydmyk i forhold til dei som har lang erfaring. Sjølv om eg har fått mykje viktig og god teori er uansett erfaringa veldig viktig, og i mange situasjonar faktisk viktigare enn riktig teori.
Det nyttar ikkje å vere veldig bevisst på korleis ting skal gjerast dersom ein ikkje har fått øvd det inn i underbevisstheten, noko som berre kjem med mengdetrening.
Mange av dei som manglar denne teoretiske opplæringa har fått tilsvarande mengde med erfaring som gjer at dei likevel er langt framfor oss ferskingar i ferdighetsnivå og vil fint klare å redde seg innatt i ein krisesituasjon.
Likevel trur eg det er mange erfarne MC-førarar som får seg ein aha-opplevelse når dei blir med på oppfriskingskurs hos ulike MC-klubbar. Har høyrt mange som seier at dei skulle ha gjort dette for lenge sidan.
Grunnen er at mange av oss ikkje tør å utfordre grensene, noko som for så vidt er bra, men samtidig er det i slike situasjonar ein lærer. Ein god parallell er å leike seg på snøføre med bil. Eg finner gjerne ein stor parkeringsplass (utan andre bilar

) og skrensar rundt og har det gøy. Dette er per definisjon ikkje heilt lov, men det gir ein veldig god erfaring med bilen som faktisk har redda meg i eit par kritiske situasjonar.
Det som er viktig er sjølvsagt å teste ut grensene i TRYGGE omgivelsar, og så legge seg LANGT innanfor desse grensene i vanlig trafikk. Det er først med denne kombinasjonen at ein blir ein tryggare sjåfør.
Dei som har både teori-kunnskap og mengdetrening, men som køyrer heilt på grensa i trafikken vil ha ganske høg risiko :-)å