Hei, og velkommen til MCsidenBorgers skrev:Hei!
Fikk nettopp lappen, 22 år. Vurderer å kjøpe motorsykkel allerede i år (ja, jeg har dårlig tålmodighet). Uansett, jeg står mellom Honda vfr, eller en Ducati som en kamerat av meg selger.
(...)
Gleder meg til å kjøre mc :)

Eg er sjølv heilt fersk. Tok lappen 27. august. Kjøpte min første sykkel mandag i denne uka etter å ha kikka og vurdert ei stund.
Eg for min del likar best cruiser-typen (Shadow, Intruder, Virago) så eg skal ikkje uttale meg om dei syklane du nemner.
Men som andre har sagt, ikkje lås deg på eit snevert utvalg. Prøv alle mulige syklar, inkludert dei du ikkje vil ha. Då får du testa egenskapar og får kanskje ein bedre bekreftelse på at den sykkelen du vil ha er den riktige.
Eg håpar du vil trives her på forumet. Det er ingen spørsmål som er for dumme, det er ein veldig fin gjeng her inne, og du blir tatt godt imot frå første stund :-)
Når det gjeld forsikring, så kan det kanskje vere mulig å redusere den til kun ansvar når du parkerer sykkelen for vinteren? Då har du jo sammenhengande forsikring heile tida, og så kan du legge på igjen delkasko eller kasko til våren om du vil det.
Du nemnte også at du ville prøve å få tak i sykkel før vinteren, at du kanskje er utålmodig.
Er ikkje rart du er utålmodig når du nettopp har tatt lappen

Eg fekk eit råd ein plass om å vente til oktober/november med å kjøpe, for då var prisane på det lavaste, men eg er veldig glad for at eg kjøpte sykkelen så pass tidleg at eg får køyrt litt før vinteren. Det er no når eg køyrer åleine at eg lærer mest.
Så mitt råd er:
Bruk litt tid på å prøve flest mulig syklar (privat og forretning), og så prøvar du å kjøpe ein sykkel du virkelig likar. Deretter, køyr så mykje som mulig før vinteren er her :-)