Chevy1974 - Oslo-tur med verkstedbesøk

Din egen Forum-blogg! Om MC-livet ditt og annet du vil dele med andre.
Svar
Brukeravatar
MaxTron
Innlegg: 2548
Registrert: 04 jan 2011, 22:31
Motorsykkelen din: ' 86 VMX 12, '09 VMX 17, '78 XS 650
Bosted: Nordmøre

Re: Chevy1974 - Prøve å finne tilbake godfølelsen

Legg inn av MaxTron »

Chevy1974 skrev:Huskar ikkje dimensjonen no, men eg har heilt nytt bakdekk. Det som stod på var heilt beint på midten, berre slitt på bein strekning, ingen svingkøyring (stakkars sykkel :sorry )

Satte på eit Michelin-dekk eit par dagar etter eg kjøpte den. Har null peiling på kva type dekk som er bra og dårleg, eg gjekk nok mest etter pris i det tilfellet her :redface
Michelin er trolig kurant det :thumleft

Ikke for å skræmme verken dæ eller nån annan som kjører sin første høst, men det er lurt å være EKSTRA opps (Vær opps, du må for all del IKKE finne på å sette deg å SE OPP som så mange gjør der nede på østlandet, må være skummelt å kjøre der) når løvblada bynner å dette på veiene, disse blandet med regn og traffikk som moser det hele til en slags gele kan bli veldig glatt!!
karosseri er for biler!
'86 VMX12, '09 VMX17, '78 XS650, '97 TZR125, '21 CRF 300L

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - Kveldstur i nydeleg høstvær :)

Legg inn av Chevy1974 »

I dag vart det ein spontan køyretur når eg fekk SMS frå ein bekjent som lurte på om eg ville bli med på tur. Tempen var fin, og sola skein frå klar himmel. Jau, det kunne passe fint med ein tur no. Godt å riste av seg litt kvardags-frustrasjon også, så det var berre å hive seg i klærne og suse avgårde :-)

Turen gjekk via (for meg) nye svingete omvegar til Mjøndalen og Drammen.
Etter ein bomtur til ein butikk som akkurat var stengt vart det ein lang omveg heimatt til Kongsberg.
Turen gjekk mot Lierbyen og vidare mot Hønefoss. Her hadde eg aldri køyrt før (ikkje med bil heller), og det var ein fantastisk utsikt når vi såg utover Tyrifjorden. Dessverre stoppa eg ikkje for å ta bilde, noko eg absolutt burde ha gjort.
Skyene låg så fint langs horisonten og ramma inn restane etter solnedgangen som i eit vakkert maleri :-)

Vi fortsatte til Sundvollen og tok ein avstikkar opp til Dronningens Utsikt (retning Kleivstua).
Det er ikkje så mange ord som beskriver det bedre enn "Vakkert" :-)
Her tok eg heldigvis nokre bilder, og eit lite utvalg er lagt ved nederst i innlegget.

Etter å ha studert kveldshimmelen ei stund var det på tide å komme seg vidare. Kald og fuktig luft gjorde at visiret dogga mens vi stod i ro, men det kom seg etter ei stund med køyrevind.

Turen tilbake gjekk via Hønefoss, Vikersund og Hokksund. I Hokksund var det godt å ta ein liten rast med påfylling for både menneske og maskin. Bensin på "go'gutten", og vafler og kakao/kaffi på oss :-) Fingrane var ganske kalde, så det gjorde godt å få litt varme igjen.

Etter stoppen var det tilbake til Kongsberg på den vanlege "gamlevegen" om Vestfossen, Darbu og Skollenborg.

Totalt ca 18 mil på sykkelen i dag :-)

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Beklager litt dårleg kvalitet på bilda. Ein gammal iPhone gir ikkje verdens beste bilder i dårleg lys :P :p
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - Kveldstur i nydeleg høstvær :)

Legg inn av Chevy1974 »

Lite MC-køyring i det siste. Har hatt ei veke med høstferie med barna (biltur).
Har eit håp om at det kanskje kan glimte til med endå eit par gode dagar framover med MC-køyring :)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - Vinterdvale :)

Legg inn av Chevy1974 »

No er det nokre månader sidan forrige innlegg.
Det vart ikkje fleire køyreturar på meg i haust, så no berre ventar eg på at våren skal komme. Sykkelen står fint parkert i garasjen og får kjærlige blikk regelmessig :-)

I mellomtida er den trufaste trø-sykkelen transportmiddel for meg og to barn til og frå skule, barnehage og jobb. Barna i sykkelvogn bak. Av og til ein 10-åring bak der igjen på eit akebrett som er hekta på vogna :-)å Litt meir egeninnsats enn MC'en, men veldig god trening ;-)

Blir nesten 3000 km i løpet av året på denne doningen også, så eg har ikkje heilt pause frå to hjul likevel.

Så får vi heller sjå kor ofte eg stikker innom her. Blir nok oftare når det nærmar seg MC-tid :-)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Dexter
Innlegg: 3348
Registrert: 22 des 2009, 18:29
Motorsykkelen din: Honda NC750X DCT
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - Vinterdvale :)

Legg inn av Dexter »

Hei Chevy! Godt å se at det er liv i deg. Begynte å lure ei stund... :eh

Du må bare være klar når veiene blir bra :thumleft
Det er det samme for skylda hvem som har den...

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Takk for det Dexter :-)
Ja, eg er klar for å rulle på vegen igjen. Har hatt eit par småturar til jobb, men ingen lange turar enno. Travel kvardag med lite fritid er ikkje så gode vilkår for lange og hyppige turar.

Stay tuned, så blir det plutselig tid til ein tur eller to :-)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Carpa
Innlegg: 4918
Registrert: 20 aug 2012, 11:49
Motorsykkelen din: Kawasaki ER-6f - 2007
Bosted: Røyken

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Carpa »

:vs
Hyggelig å se deg igjen :D
Blogg
På to hjul i svingene (oppd. 16. okt 2013)

Don't play stupid with me.... I'm better at it

[album]3848[/album] [album]4068[/album][album]4139[/album]

2015: 0 km på Kawasaki'n - satser på et knallår
2014: 810 km på Kawasaki'n begredelig sesongavslutning
2013: 6190 km på Kawasaki'n (med lisens f.o.m 24/5)
2013: 500 km på Kawasaki'n (før lisens t.o.m 23/5)

Brukeravatar
Intruder
Innlegg: 8271
Registrert: 08 des 2008, 10:44
Motorsykkelen din: 1992 Intruder 750
Bosted: Brumunddal

Re: Chevy1974 - Vinterdvale :)

Legg inn av Intruder »

Chevy1974 skrev:No er det nokre månader sidan forrige innlegg.
Det vart ikkje fleire køyreturar på meg i haust, så no berre ventar eg på at våren skal komme. Sykkelen står fint parkert i garasjen og får kjærlige blikk regelmessig :-)

I mellomtida er den trufaste trø-sykkelen transportmiddel for meg og to barn til og frå skule, barnehage og jobb. Barna i sykkelvogn bak. Av og til ein 10-åring bak der igjen på eit akebrett som er hekta på vogna :-)å Litt meir egeninnsats enn MC'en, men veldig god trening ;-)

Blir nesten 3000 km i løpet av året på denne doningen også, så eg har ikkje heilt pause frå to hjul likevel.

Så får vi heller sjå kor ofte eg stikker innom her. Blir nok oftare når det nærmar seg MC-tid :-)
Vi Intruderfolka må for all del ikke gjemme oss i den grå masse,kanskje vi møtes on the road en dag... :mc7 :D :vs
Evig eies kun det tapte !

Nil satis nisi optimum !

http://www.rykogreis.com/" onclick="window.open(this.href);return false;

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Har hatt meg ein fin liten kveldstur i solnedgangen oppover mot Skrimfjella. Prøvde meg så vidt på grus også, sjølv om sykkelen ikkje akkurat er designa for denne typen veg :P
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
JRO
Innlegg: 642
Registrert: 31 mai 2011, 21:03
Motorsykkelen din: Ducati Multistrada GT 2013
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av JRO »

Chevy1974 skrev:Har hatt meg ein fin liten kveldstur i solnedgangen oppover mot Skrimfjella. Prøvde meg så vidt på grus også, sjølv om sykkelen ikkje akkurat er designa for denne typen veg :P
Bra og se at du er på veien igjen Chevy1974, håper tiden din for mc kjøring øker etterhvert. Håper å se deg på noen av fellesturene.
13 - , Ducati Multistrada 1200 Grantourismo 2013
07 - 13, Kawasaki KZ 1300 1981
87 - 88, Suzuki GS1000ES 1980
72 - 74, Honda CB100

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Takk for det KZ, og gratulerer med ny MC :-)

I dag vart det ein aldri så liten langtur gitt. Fekk tekstmelding frå ein venn om eg ville vere med på tur, og eg tenkte det var på tide å få nokre mil på baken etter gammalt. Turen gjekk ganske nært den ruta vi hadde med MCsiden i september, berre i motsatt retning. Det vart pluteslig 40 mil i løpet av ein dag :-)

Ein heilt herleg tur med nydeleg vær. Ei bittelita regnbyge ved Vrådal, men ellers sol og fint.

Turen gjekk omtrent som dette:
- Kongsberg
- Notodden
- Bø (opp bak flyplassen på Notodden)
- Gvarv
- Ulefoss
- Lunde
- Kilen
- Vrådal
- Vråliosen
- Åmdals Verk
- Dalen (ikkje innom sentrum)
- Åmot
- Øyfjell
- Rauland
- Rjukan
- Tuddal
- Sauland
- Notodden
- Kongsberg

Eg er ikkje heilt stø på alle namna her, så dersom noko ikkje er heilt rett, så er det Google Earth som har lurt meg :P :p

Det var stort sett veldig fine vegar, men litt grus hadde lurt seg utpå enkelte plassar etter regnskyll. Mellom Åmot og Rauland var vegen stengt pga flom, men vi kom oss rundt via Øyfjell. Her var det svært dårleg veg ein del av strekninga, med telehiv og store hol i asfalten slik at det låg til dels grov grus i vegbanen. Litt kreativ køyring på ein sykkel som i utgangspunktet ikkje likar ujevn veg, og som i tillegg har heilt øydelagte støtdemparar :P Trur nok at både framhjul og bakhjul var over vegen eit par gongar, med påfølgande vingling... Såg sikkert veldig morsomt ut bakafrå :lol

I Vrådal stoppa vi og åt på kafeteriaen. Det kom eit følge på ca 10 syklar som stoppa ved butikken på andre sida av vegen. Var det nokon her i frå skal tru? Eg fekk ikkje snakka med dei, men eg såg at den eine sykkelen var veldig lik min. Ein 80-talls Intruder med svart lakk. Det var også ein gammal Triumph, ein BMW 800F, og ein del andre som eg ikkje er sikker på. Ein liten raud med sidevogn kom også slentrande innom :-)

Køyremessig var det litt blanda erfaring for min del. Dette var første skikkelege tur etter vinteren, og det var rart å merke kor ustø eg var. Heilt feil sporvalg og nølande kurver inn i og ut av svingar. Vi bytta plass slik at eg var bakerst ei stund, og då klarte eg å komme litt inn i det igjen. Etterkvart vart det skikkeleg gøy å køyre svingar igjen :-) Eg treng mykje meir trening og er i høgste grad ein fersk førar, men etter ein slik langtur merkar eg at kroppen begynner å kjenne seg trygg på sykkelen. Akkurat den deilige følelsen det skal vere :-)
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Carpa
Innlegg: 4918
Registrert: 20 aug 2012, 11:49
Motorsykkelen din: Kawasaki ER-6f - 2007
Bosted: Røyken

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Carpa »

Det der så ut som en fantastisk tur. Jeg har syklet (på tråsykkel) gjennom flere av disse stedene (fra Dalen til Lunde) og det er vakkert der. Om jeg ikke husker helt feil så overnattet vi på en veldig fin campingplass på Kilen
Blogg
På to hjul i svingene (oppd. 16. okt 2013)

Don't play stupid with me.... I'm better at it

[album]3848[/album] [album]4068[/album][album]4139[/album]

2015: 0 km på Kawasaki'n - satser på et knallår
2014: 810 km på Kawasaki'n begredelig sesongavslutning
2013: 6190 km på Kawasaki'n (med lisens f.o.m 24/5)
2013: 500 km på Kawasaki'n (før lisens t.o.m 23/5)

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Har lasta ned ein app for forum på Android. Må teste om den virkar som forventa :-)

EDIT: Den funka :-)
Då skal det vere mulig å legge inn litt småinfo frå mobilen, men nokon avhandling blir det nok ikkje. Er så treigt å skrive på touch-tastatur :P :p
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
SuperMorten
Innlegg: 5292
Registrert: 03 mar 2012, 04:23
Motorsykkelen din: 2005 BMW R 1200 RT
Bosted: Åsgårdstrand

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av SuperMorten »

Nei, det blir kun nødvendig info fra telefon. Tungvint og spesielt vanskelig ute i sollys synes jeg.
:D
Sent from my GT-I9300 using Tapatalk 4 Beta
[album]3061[/album] [album]3503[/album][album]4642[/album]

Never Ride Faster Than Your Angel Can Fly

Kjørelengde 2012 - 8500 km
Kjørelengde 2013 - 21449 km
Kjørelengde pr 20.6.2014 - 7259 km

Brukeravatar
Carpa
Innlegg: 4918
Registrert: 20 aug 2012, 11:49
Motorsykkelen din: Kawasaki ER-6f - 2007
Bosted: Røyken

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Carpa »

Det beste med Tapatalk er at du kan laste opp bilder der og da, hvor enn du måtte befinne deg (så sant det er mobildekning) :thumleft
Blogg
På to hjul i svingene (oppd. 16. okt 2013)

Don't play stupid with me.... I'm better at it

[album]3848[/album] [album]4068[/album][album]4139[/album]

2015: 0 km på Kawasaki'n - satser på et knallår
2014: 810 km på Kawasaki'n begredelig sesongavslutning
2013: 6190 km på Kawasaki'n (med lisens f.o.m 24/5)
2013: 500 km på Kawasaki'n (før lisens t.o.m 23/5)

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - On the road again :-)

Legg inn av Chevy1974 »

Eg prøvde eit alternativ til Tapatalk, så eg er ikkje sikker på om det støttar bilder. Ser ikkje slik ut. Det er uansett nok til å kunne lese på forumet og skrive enkle svar :-)

Må sjekke ut eit par andre alternativ når eg får tid.

Tenkte å investere i formstøpte øyreproppar med monitor og kombinere dette med ein tur til Oslo for å kjøpe støtdemparar. Ringte til Hantek i dag, men dei har stengt heile denne veka pga ombygging :-(
Mulig det må bli tur i neste veke i staden då. Må jo tilpasse det med fri frå jobb og slikt, så det er ikkje berre å stikke avgarde.

Vurderer å kjøpe ACS T15 saman med proppar frå PRO-serien
Eg håpar dette er ein god kombinasjon som gir både god støydemping og fine musikk-opplevelsar :-)

Erfaringar og evt andre forslag mottas med takk.
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Brukeravatar
Chevy1974
Innlegg: 190
Registrert: 27 aug 2012, 19:33
Motorsykkelen din: Suzuki Intruder VS700
Bosted: Kongsberg

Re: Chevy1974 - Oslo-tur med verkstedbesøk

Legg inn av Chevy1974 »

Har hatt meg ein fin tur til Oslo i dag. Bestilte nye bak-demparar hor Hjelpis Motor-stall og avtalte å få skifta dei i dag. Veldig hyggeleg og god service, og mitt førsteinntrykk er at det er god ekspertise blant dei ansatte.
Etter å ha kikka litt på sykkelen min sa han at både gaffelen, styrelageret, og opphenget bak er dårleg. Det var tydeleg slakk i opphenget når han veri sykkelen og bakhjulet sidelengs. Ingen gladmelding akkurat, men eg bør vel få fiksa det også etterkvart.

Etter å ha hatt ein del risting i nokre dagar trudde eg at framhjulet hadde mista ein ballanse-vekt. Dekket var av ukjent alder og hadde litt hard gummi, så då vart det like så godt nytt framdekk også i dag :-)
Dessverre forsvann ikkje ristinga, så det er mulig det er bakhjulet som har fått rista seg nok til at vektene har forsvunne. Eg høyrde eit smell i potta (metall-klunkelyd) når eg køyrde på svært dårleg veg over Øyefjell forrige helg, så det eg trur det er dette som forårsakar ristinga.

Er jo ikkje så dumt med nytt framdekk uansett då, sjølv om eg strengt tatt kunne ha køyrt med det gamle ei stund til. Trur i alle fall at det nye har vesentleg bedre grep enn det gamle :-)

Turen heimatt gjekk om søndre del av Tyrifjorden. Var så mykje trafikk på E18 ut av Oslo at det var berre å komme seg derifrå så fort som mulig :P :p
Suzuki Intruder VS700
Blogg: http://www.mcsiden.no/viewtopic.php?f=13&t=4961
2012: Ca 1.700 km
2013: 900 km

Svar