Takk for det KZ, og gratulerer med ny MC :-)
I dag vart det ein aldri så liten langtur gitt. Fekk tekstmelding frå ein venn om eg ville vere med på tur, og eg tenkte det var på tide å få nokre mil på baken etter gammalt. Turen gjekk ganske nært den ruta vi hadde med MCsiden i september, berre i motsatt retning. Det vart pluteslig 40 mil i løpet av ein dag :-)
Ein heilt herleg tur med nydeleg vær. Ei bittelita regnbyge ved Vrådal, men ellers sol og fint.
Turen gjekk omtrent som dette:
- Kongsberg
- Notodden
- Bø (opp bak flyplassen på Notodden)
- Gvarv
- Ulefoss
- Lunde
- Kilen
- Vrådal
- Vråliosen
- Åmdals Verk
- Dalen (ikkje innom sentrum)
- Åmot
- Øyfjell
- Rauland
- Rjukan
- Tuddal
- Sauland
- Notodden
- Kongsberg
Eg er ikkje heilt stø på alle namna her, så dersom noko ikkje er heilt rett, så er det Google Earth som har lurt meg
Det var stort sett veldig fine vegar, men litt grus hadde lurt seg utpå enkelte plassar etter regnskyll. Mellom Åmot og Rauland var vegen stengt pga flom, men vi kom oss rundt via Øyfjell. Her var det svært dårleg veg ein del av strekninga, med telehiv og store hol i asfalten slik at det låg til dels grov grus i vegbanen. Litt kreativ køyring på ein sykkel som i utgangspunktet ikkje likar ujevn veg, og som i tillegg har heilt øydelagte støtdemparar

Trur nok at både framhjul og bakhjul var over vegen eit par gongar, med påfølgande vingling... Såg sikkert veldig morsomt ut bakafrå
I Vrådal stoppa vi og åt på kafeteriaen. Det kom eit følge på ca 10 syklar som stoppa ved butikken på andre sida av vegen. Var det nokon her i frå skal tru? Eg fekk ikkje snakka med dei, men eg såg at den eine sykkelen var veldig lik min. Ein 80-talls Intruder med svart lakk. Det var også ein gammal Triumph, ein BMW 800F, og ein del andre som eg ikkje er sikker på. Ein liten raud med sidevogn kom også slentrande innom :-)
Køyremessig var det litt blanda erfaring for min del. Dette var første skikkelege tur etter vinteren, og det var rart å merke kor ustø eg var. Heilt feil sporvalg og nølande kurver inn i og ut av svingar. Vi bytta plass slik at eg var bakerst ei stund, og då klarte eg å komme litt inn i det igjen. Etterkvart vart det skikkeleg gøy å køyre svingar igjen :-) Eg treng mykje meir trening og er i høgste grad ein fersk førar, men etter ein slik langtur merkar eg at kroppen begynner å kjenne seg trygg på sykkelen. Akkurat den deilige følelsen det skal vere :-)