Eingongsbetaling:
Kleder 10.000 kr
Lappen 25.000 kr
Sykkel 35.000 kr
Sum engongsbetaling: 70.000
Pris pr år:
Forsikring 5.000 kr
Service 5.000 kr
Årsavgift 2.000 kr
Bensin/vedlikehold 5.000 kr
Sum pr. år: 17.000 kr
Er dette ei realistisk oversikt? Eg vil gjerne ha tankane dine rundt dette med sykkel, erfaringar, tankar og alt ein nybegynnar burde vite (og ikkje vite).
Når eg skal ta lappen trengs jo også ein sykkel. Eg ser føre meg at det ikkje vert nokon r sykkel, både fordi forsikringa vert svinedyr fordi eg ikkje trur sittestillinga er for meg. Eg ser føre meg langturar til Danmark, Sverige, Tyskland og også rundt i vårt ganske land (men kor mykje av desse planane som faktisk vert gjennomført er noko anna). Eg tenkte derfor at eg ville ha ein sykkel som har litt oppreist sittestilling, men kanskje heller ikkje ein cruiser(?) eller adventure sykkel (det er berre å komme med innvendingar, for eg veit ikkje kva eg vil ha). Tenkte også å pendle til skule og besøke vener, så den må ikkje vere eit stygt vrak.
De treng ikkje å linke til finn annonser, fordi eg tenkte denne tråden kunne bli brukt av folk lenge etter at eg har fått meg sykkel, men henvisning til finn annonser, namn på syklar, sykkeltypar, osv er hjarteleg velkomne.
På førehand tusen takk for svar. Alt av mc-tips og erfaringar er velkomne
