Så bra at du hadde ein fin tur :-)
Spørsmålet om gir har andre svart på, så det skal eg ikkje seie noko om, men eg vil gjerne gi eit par andre kommentarar.
Ega16 nemner dette med rundøyring. Eg heller legger ikkje sykkelen i rundkøyring. Her tar eg det pent og rolig med nesten oppreist sykkel. Som Ega nemner kan det vere diesel/olje-søl i rundkøyringar, og faktisk ikkje berre i nærheten av bensinstasjonar. Det er enkelte bilar som har litt stor fart i runkøyringar og som pga dette skvulpar litt drivstoff ut av luftinga på tanken. Derfor kan mange rundkøyringar vere litt farlege. Eg har av og til fått skrens på bakhjula på bil akkurat i rundkøyring på våt veg, og då har eg ikkje gassa på unormalt mykje.
Ta rundkøyringane med krypkøyringsteknikken, altså med rolig tempo og kroppsbalanse. Ikkje dermed sagt at det er det mest riktige, men det er slik eg gjer det. Blir gjerne ein mellomting når eg ser at det er tørr og fin veg, men eg tar det relativt rolig uansett. Det er ikkje der eg testar nedbrekk for å seie det slik
Svingane ute på landevegen vil du ta greitt med litt erfaring. Husk å ta det rolig til du har fått tilstrekkelig erfaring. Både eg og Carpa har så vidt blogga om to situasjonar der vi har blitt litt stive og gløymt å behandle sykkelen slik vi skal gjere. Det er det veldig lett for. Denne treninga vil du derimot ikkje rekke å få fullført før oppkøyring, så fokuset ditt fram til torsdag bør vere å ha mindre fart enn du veit du klarar i svingen. Legg deg på den sikre sida. Finn eit godt sporvalg slik at sensor ser at du køyrer aktivt, legg sykkelen (litt) ned der det er naturleg å gjere det, men ikkje framprovoser kraftige nedbrekk for å vise at du beherskar det. Eg trur sensor er meir opptatt av å sjå at du er ansvarsbevisst og at du taklar sykkelen riktig.
Det er nok forskjellig fokus på ulike sensorar, så ta ein grundig prat med læraren din om dette før oppkøyring.
På oppkøyringa mi fekk eg to bemerkningar som sensor reagerte på, men ikkje nok til å stryke. Det eine var ein fortgjengerovergang med midtrabatt. Eg stoppa og venta på ein fotgjengar som var på motsatt side av vegen. Så lenge det er midtrabatt meinte sensor at dette var ein overdreven vikepliktstvang som ikkje hadde rot i regelverket
Det andre var plassering av sykkelen ved avkjørsel på retardasjonsfelt. Der valgte eg å plassere meg midt i eget felt for å unngå "skrelling", men sensor meinte det var viktig å vise både med blinklys og endring av plassering at eg hadde tenkt å ta av til høgre (i tillegg var det jo ingen bak meg, så skrelling var ikkje så aktuelt

).
Utover dette hadde eg eit par situasjonar både i trafikken og på kjøregården som eg sjølv sa i frå om undervegs. Eg sa rett ut at eg gjorde eit feil valg eller utførte oppgåva dårleg. I forhold til den sensoren eg hadde akkurat då, så var det positivt at eg sa i frå om dette sjølv. Er umulig for meg å seie om dette gjelder andre sensorar, men eg vil tru at sakleg sjølvkritikk i riktige doser bør telle positivt. På den måten viser du at du er bevisst på det du gjer, og du viser at du er villig til å jobbe med deg sjølv for å komme i mål. Eg trur dei fleste sensorar er klar over at den virkelige læringa kjem etter at du har tatt lappen.